Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Bjørnespor på Hjellnes

Bjørnespor på Hjellnes

Jon Olav Ørsal Onsdag 5. mai 2010

Det er mesta dagligdags med meldinger om bjørnespor no for tida. Men i Todalen er det nok ei stund sia det har vore observert bjørnespor, men i onsdag kveld var det eit faktum. Det var Anita Brøske Nordvik som var i området på trimtur, som tilfeldig oppdaga ferske bjørnespor på vegen som går frå kufella og utover til TV-masta på Hjellnes.

Ho fortalte også om familiens hund som hadde oppført seg litt rart i dag og som hadde stukke av til skogs ein tur. Hunden var uroleg og skitten da den kom att og var tydeleg prega av at noko hadde skjedd. Kanskje har han hatt kontakt med bjørnen?

Det var nok klare bjørnespor som gikk over skogsvegen og fortsette nedover og innover i retning Todalen. Så dersom det finnes nokon som følger med og har kamera klart når bjørnen kjem inni bygda, så garanterer vi plass for dagens bilete med eit godt bjørnebilete!

Den siste tida har det vore gjort mange observasjonar, både i Rindal, i Bøfjorden og i Surnadal ved alpinsentret i Sæterlia. Så får vi berre vente og sjå kor det ber med bjørnen. Kanskje han sett kursen til Oppdal eller Rennebu igjen, eller kanskje det ber over til Ålvundeidet.

Først publisert: 5. mai 2010, 21:35 - Sist oppdatert: 6. mai 2010, 06:58