Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for mai, 2010

Vi fann 62 artiklar i dette arkivet.


Walkover betyr ikkje nødvendigvis spillefri…

Walkover betyr ikkje nødvendigvis spillefri…

Knut Haugen, IL Søya Torsdag 20. mai 2010

G14 møtte Sunndal 2 G16 til treningskamp på Leikvoll (Ålvundeidet) onsdag 19. mai.
Begge lagene hadde walkover i serien denne uka, og dermed passet det bra å få en gjennomkjøring.
Da vi møtte et guttelag benyttet vi anledningen til å matche alle de 5 overårige spillerne våre i denne kampen.
Og for anledningen spilte vi 2 x 40 min og brukte 5-er ball (dvs. som i G16-kamper).

Les heile saka

Spela inn nydraktene sine.

Spela inn nydraktene sine.

Elinor Bolme Onsdag 19. mai 2010

No i kveld spela G10 Søya/Todalen sin andre seriekamp på Bordholmen. I kveldens kamp møtte dei laget frå Surnadal, og sigeren vart denne gongen i favør til surnadalingane. Dei vann rundt om slik cirka 16-1. Men todalingane hong ikkje med hovuda for det i strålande maisol på den beste grasbanen i mils omkrets

Les heile saka

Vårsøghelga – programmet

Vårsøghelga – programmet

Jon Olav Ørsal Tysdag 18. mai 2010

I pinsehelga er det duka for ny Vårsøghelg. Programmet startar torsdag 20. mai med offisiell opning av Vårsøgutstillinga i kulturhuset, der Elling Reitan er årets Vårsøgkunstner. Vidare er det program kvar dag, fram til søndag 23. mai. Vårsøghelga rundar da av med «Karra og kvinnfolk. Mmm…!» i Storstua på Kulturhuset. Svinviks arboret deltek i årets Vårsøg-program med «Tonar i blomsterland» laurdag 22. mai kl 16.00, der får vi høre straumsnesgjeldingen Unni Boksasp m/orkester og Oppdal mannskor.

Les heile saka

Har du gode bilete frå 17. mai?

Har du gode bilete frå 17. mai?

Jon Olav Ørsal Måndag 17. mai 2010

Har du artige og gode bilete frå feiringa av nasjonaldagen, så send dem til oss. Vi veit at det blir teke mange bilete på ein slik dag, og vi tenkjer å lage eit fotogalleri der vi viser innsendte bilde frå våre lesarar.  Klikk på «Kontakt oss» for å sende bilde og noen ord om kva/kven […]

Les heile saka

Feiringa fortsette …

Feiringa fortsette …

Jon Olav Ørsal Måndag 17. mai 2010

Feiringa forsette vidare utover dagen. Først med gudsteneste i Todalen kyrkje, vidare vart det blomsterhelsing på bautaen og folketog til skulen. Det var Sokneprest Bernt Venås som heldt preken i kyrkja, der det var eit syttitalls tilhørarar. Inger Johanne Iversen sørga for blomsterhelsing frå Surnadal kommune på minnebautaen på kyrkjebakkan. Folketoget frå kyrkja og opp til skulen hadde i år følge av «Trollheimen janitsjar», eit korps som var nyetablert for høvet.

Les heile saka

175 til frokost i Ungdomshuset

175 til frokost i Ungdomshuset

Jon Olav Ørsal Måndag 17. mai 2010

Feiringa av nasjonaldagen er forlengst komen igang i Todalen. Det tradisjonelle biltoget, eller «skrommeltoget», samla i år rekorddeltaking med rundt 60 kjøretøy som nok er rekord. Det var kjøretøy av alle slag, både traktorar, mopedar, russebilar og andre nye og gamle bilar. Og sjølvsagt var det mykje folk, både store og små. Biltoget starta ved ICA Todalen på Kvennset og køyrde oppover bygda til Gammelfabrikken, der det var ein kort pause og så nedatt til Ungdomshuset.

Les heile saka

Program for 17. mai

Ole Petter Talgø Sundag 16. mai 2010

Her finn du programmet for 17. mai-feiringa i Todalen. 0930: Biltog frå Hals – Gammelfabrikken – Ungdomshuset. 1030: Frokost i Todalen Ungdomshus. 1400: Gudstjeneste ved Bernt Venås. 1450: Kranspålegging. 1500: Barnetog frå kyrkja til skulen. 1520: Todalskorpset spelar på skuleplassen. 1530: Samvær på skulen. Det serveres Lulens svinegryte levert fra Hammerstuene Berit Storholt Flåtten vil […]


Stort attpålag

Stort attpålag

Jon Olav Ørsal Laurdag 15. mai 2010

6 av årets konfirmantar slo seg like godt saman og arrangerte felles attpålag i Ungdomshuset fredag ettermiddag. Nærare 100 gjestar vart det til saman og eit kjempeutbud med blautkaker og anna godt til kaffen.

Les heile saka

Rydding til 17.mai

Rydding til 17.mai

Britt Mossing Fredag 14. mai 2010

Onsdag var det dugnad på oppvekstsentret. Alle barna på skulen og i barnehagen var ute og rydda og plukka søppel. Dei største var heilt ned til kyrkja, og dei fann litt av kvart langs vegkantane. Dei prøvde og fiskelykka, da dei såg ein fisk i bekken, men dessverre var den av plast.

Les heile saka

Trur på vekst

Trur på vekst

Jon Olav Ørsal Fredag 14. mai 2010

I onsdagsavisa til Driva var det eit omfattande intervju med konsernsjef Terje Talgø, der han gjev uttrykk for at han har tru på framtida og at den skal gje rom for ny vekst for Talgø-konsernet. Han trur det blir behov for fleire tilsette etter kvart og at furua etter kvart kjem att i ei eller anna form. Han lettar også litt på sløret når det gjeld Todalsparken.

Les heile saka

Bjørnen over fjellet

Bjørnen over fjellet

Jon Olav Ørsal Fredag 14. mai 2010

Frå Gudmund Kårvatn har vi fått opplysningar som tyder på at bjørnen har passert kommunegrensa og er komen over til Sunndal eller Oppdal. Det er observert bjørnespor ved Meskaret som ser ut til å kome frå Innerdalen. Spora gikk nedover lia mot Meskardvatnet og vidare mot Bjønnhjellan og Ottdalen. Så da tyder det på at bjørnevisitten i Todalen er over for denne gongen.

Les heile saka

Fin konfirmasjonsdag

Fin konfirmasjonsdag

Jon Olav Ørsal Torsdag 13. mai 2010

Todalen kyrkje var fylt til siste plass under konfirmasjonsgudstenesta på Kristi himmelfartsdag. Det fine vêret sette ein ekstra spiss på denne fine festdagen for dei 8 todalsungdomane som vart konfirmert i år. Det var sokneprest Bernt Venås som heldt gudstenesta, medan Ildri Sjøland Øyen var klokkar og Bernt Bøe var organist. Vi i Todalen.no gratulerer så mykje!

Les heile saka