Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for mai, 2010

Vi fann 62 artiklar i dette arkivet.


Frostnetter – litt statistikk

Frostnetter – litt statistikk

Jon Olav Ørsal Måndag 24. mai 2010

Vi har fått e-post frå Jon Bruset. Han har registrert maximum og minimumstemperatur heilt sidan nittitalet, og har oversikt over vårlege frostnetter i denne perioden. Han skriv at våren 2010 slett ikkje er den verste:

Les heile saka

Kyrkjetur til Stangvik

Kyrkjetur til Stangvik

Jon Olav Ørsal Måndag 24. mai 2010

Pinsegudstenesta i Stangvik kyrkje samla fullt hus 1. pinsedag. Pinsegudstenesta var ein del av Vårsøgprogrammet, og det kom folk sjøvegen både frå Bøfjorden, Hamnes og frå Nordvik. I tillegg var folk oppmoda om å stille i gamel klestil, gamle bilar og det var til og med hesteskyss til kyrkja denne dagen.

Les heile saka

Damebesøk i Fellesfjøset

Damebesøk i Fellesfjøset

Elinor Bolme Sundag 23. mai 2010

Ei røye hadde teke turen til Fellesfjøset på ettermiddagen i dag. Sikre kjelder meinte ho truleg var ute etter ein høveleg make der. Etter alt å døme var det ingen ting i vegen med ho, fysisk i allefall

Les heile saka

Midttime med besøk frå lensmannskontoret

Midttime med besøk frå lensmannskontoret

Dordi Jorunn Halle Sundag 23. mai 2010

Fredag 21.mai fekk vi besøk av politibetjent Tor Kvande Hansen i midttimen. Han tok opp aktuelle tema med elevane som trygg og god bruk av intenett.
Etterpå var emnet sikkerheit i trafikken. Bilbelte må brukast alltid både i buss og privatbilar. Alt som er laust i bilen, får stor kraft ved bråstopp.
Eksempel: ei halvlitersflaske med brus – vekt 0,5 kg – treffer med ei kraft på 26,5 kg ved bråstopp i 50 km/t.

Les heile saka

Tonar i blomsterland

Tonar i blomsterland

Jon Olav Ørsal Laurdag 22. mai 2010

Med geitelokken Karamello etter John Røen opna Unni Boksasp Ensemble konserten ”Tonar i Blomsterland” i Svinviks arboret laurdag ettermiddag. Da Borghild B. Talgø kunne ønske velkomen, hadde eit hundretals publikum hadde funne vegen til arboretet tiltross for at det låg litt regn i lufta. Og dei som møtte opp fekk jammen full valuta for pengane.

Les heile saka

Pinseutgaven av Kyrkjebladet

Pinseutgaven av Kyrkjebladet

Ole Petter Talgø Laurdag 22. mai 2010

Kyrkjebladet for Indre Nordmøre sitt pinsenummer kom ikkje fram til pinse, og vi har difor fått høve til å leggja det ut her på Todalen.no. Du finn og tidlegare utgåver av kyrkjebladet på Rindal sokn sine sider. Last ned pinenummeret av Kyrkjebladet for Indre Nordmøre


Debuterte med eige dikt

Debuterte med eige dikt

Jon Olav Ørsal Fredag 21. mai 2010

Eit av programinnslaga på Kleivakvelden fredag var opplesing av eigne dikt med elevar fra 6. klasse. Ein av dei som vart uttekne til å delta var Tore Talgø Roaldset fra Todalen oppvekstsenter. han hadde skrevet om «Poteten som ville bli poet». Diktet lyder slik:

Les heile saka

Effektiv tømmerhogst i Øyalia

Effektiv tømmerhogst i Øyalia

Jon Olav Ørsal Fredag 21. mai 2010

I Øyalia er det stordrift med granhogging denne veka. Det er Solli Skog frå Surnadal som har «gått laus» på eit av granfelta til Ståle Ansnes oppi Øyalia. Til saman skal det hoggast rundt 1000 kubikk gran, og det går fort unna med ei stor hogstmaskin og to lastbærarar. Martin Solli hos Solli Skog fortel at dei hogg 150-200 kubikk pr dag og da er dette prosjektet jobb for ei stor veke.

Les heile saka

Ingen røyk utan eld.

Ingen røyk utan eld.

Elinor Bolme Fredag 21. mai 2010

Fleire har vel fått med seg sterk røykutvikling rundt Husby i går kveld. Det kom seg av at det lokale brannvesnet hadde brannøving. Dei held til i Pestua, der dei i kontrollerte former tennte på ei arbeidsbrakke. Den ved sia av skulle dei «berge».

Les heile saka

Aktiv med astma Tour til Todalen

Aktiv med astma Tour til Todalen

Ole Petter Talgø Fredag 21. mai 2010

Neste uke vil Todalen Oppvekstsenter få besøk av Aktiv med astma-kampanjen til Astma- og Allergiforbundet. Aktiv med astma-kampanjen besøker 25 forskjellige skoler mellom 19. mai og 8. juni, hvor Øye og Todalen er destinasjonene i Surnadal.

Les heile saka

Bilete frå 17. mai

Bilete frå 17. mai

Ole Petter Talgø Torsdag 20. mai 2010

For store arrangement, feriar og høgtider, vil vi leggje ut ein sak i etterkant med bilete vi får inn. Send difor gjerne inn bilete frå sommarferie, Todalsdag og liknande. Her kjem bileta vi har fått inn etter feiringa av 17. mai.

Les heile saka

Vårsøg i Svinviks arboret

Vårsøg i Svinviks arboret

Jon Olav Ørsal Torsdag 20. mai 2010

Laurdag kl 16.00 skjer det i Svinviks arboret. Da står «Tonar i blomsterland» på programmet. Straumsnesgjeldingen Unni Boksasp og hennar orkester lanserer plate, og byr på rivande og tøffe tolkingar av tradisjonelle songar frå Nordmøre. I tillegg før vi høre Oppdal mannskor med variert repertoar. Billettpris 200,-/100,-

Les heile saka