Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Tonar i blomsterland

Tonar i blomsterland

Jon Olav Ørsal Laurdag 22. mai 2010

Med geitelokken Karamello etter John Røen opna Unni Boksasp Ensemble konserten ”Tonar i Blomsterland” i Svinviks arboret laurdag ettermiddag. Da Borghild B. Talgø kunne ønske velkomen, hadde eit hundretals publikum hadde funne vegen til arboretet tiltross for at det låg litt regn i lufta. Og dei som møtte opp fekk jammen full valuta for pengane.

Unni Boksasp presenterte i hovudsak folketonar frå Nordmøre frå den nye CD’n ”Karamello” som nyleg hadde premiere. Eit lydhør publikum ga tydeleg uttrykk for at dei lika det dei hørte gjennom skikkeleg applaus gjennom heile konserten, som var runda av med ”Dingel dangel dalamann”.

Unni Boksasp er opphavleg frå Straumsnes, men er etter utdanning ved Kungliga Musikkhögskolan i Stockholm og ved Høgskulen i Telemark, heiltids musikar og busett i Tinn i Telemark. Med seg i Unni Boksarp Ensemble har ho Stangvikgardingen Trygve Brøske, Magne Vestrum, Petter Berndalen, Olav I. Mjelva og Jorun Marie Kvernberg.

Etter ein kort pause var turen komen for Oppdal Mannskor, og da var det også slutt på godvêret. Ein del av publikummet forsvann dessverre med regnværet, som nok også hemma Oppdalskoret som ”tross alt” gjorde ein god figur med sin song. Men regnværet er nok ein risikofaktor som vi nok må rekne med på våre trakter.

Daglig ledar i Svinviks arboret, Dordi Kjersti Mogstad, tykte det var stor stas å ha slike underhaldingskrefter i arboretet, og sett stor pris på at Vårsøghelga hadde lagt eit av arrangementa sine til arboretet. Ho fortel vidare at det i år er sein vår i arboretet, med rekar med at rododendron vil kome i full blomstring i løpet av ei til to uker. Da er det vel verd å ta ein ny tur til Svinviks arboret.

Sjå også bildegalleriet frå konserten i Svinsviks arboret nedafor.   Alle foto: Jon Olav Ørsal

Først publisert: 22. mai 2010, 22:10 - Sist oppdatert: 23. mai 2010, 09:46