Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Sigvart i 90

Sigvart i 90

Jon Olav Ørsal Tysdag 4. mai 2010

Måndag var det jubileum på Bjørli i Brusetmarka. Sigvart Husby runda 90 år, og da var det sjølvsagt ståhei med blaukake og kaffe til vener som stakk innom. Og dei var det mange av, for det var samla både mykje blomster, konfekt og anna gåver på bordet da Todalen.no stakk innom for å gratulere jubilanten dagen derpå.

Jubilanten var i vigør, men var glad at det meste av jubileumsstyret var overstått. Sigvart er litt dårleg til beins etter eit beinbrot i fjor, men bor heime og steller seg sjølv. Sigvart har vore pensjonist i snart tretti år, og har dreve aktivt med trearbeid heilt til for nokre år sia. Da vart det for stor belastning på hendene, så han fann ut at det var best å trappe ned. Men dei mange skåpane og trefigurane med flotte treskjæringar, vitnar om ein aktiv pensjonisttilværelse i ei årrekkje.

No brukar han dagane til å lese blad og bøker, og sjølvsagt er han «digitalisert» så han sender og mottek e-post frå etterkomarar i inn og utland. Og så blir det ein og anna kabalen på PC’n for å trøye tida, seier Sigvart til slutt.

Først publisert: 4. mai 2010, 19:50 - Sist oppdatert: 5. mai 2010, 07:43