Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for juli, 2020

Vi fann 55 artiklar i dette arkivet.


Oppsetting av namneskilt i «Gammelvegen»

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 24. juli 2020

Fredag var John Moe, Ragnar Halle, Jonas Svinvik og Sven Olav Svinvik i fullt arbeid med å sette opp namneskilt på mange av plassane ein passerer når ein går «Gammelvegen» frå Svinvika til Hjellnes. «Gammelevegen» vart opna rundt 1896 og var første vegen frå omverda og inn til Todalen. Tidlegare var sjøvegen einaste alternativ for transport av varer og folk. Skiltinga er eit prosjekt Todalen Historielag har hatt på planstadiet ei stund, og som i dag vart fullført.


Surnadal pensjonistlag minner om tur til Savalen

Jon Olav Ørsal Torsdag 23. juli 2020

Surnadal pensjonistlag minner lagets tur til Savalen den 14. til 16 august. Fristen for å melde seg på er 31. juli –  er det noe du lurer på, ring og spør oss!


Sykehusklovnene takker T.I.L.

Jon Olav Ørsal Torsdag 23. juli 2020

Vi er kjent med at Sykehusklovnene på St. Olav Hospital vart tilgodesett med inntekta frå startkontingenten for Ræta Opp under Todalsdagen. Nå ønsker dei å takke Todalen I.L. for det økonomiske bidraget, og har sent takkekort til økonomiansvarlig Jenny Stensby.



Skulejubileum – «Mitt prosjekt 2»

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 21. juli 2020

Då flyttar vi oss omtrent 35 år fram i tid i høve til førre presentasjon. Denne gongen er det òg ein handarbeidspose, som dottera til Margit, Ingri Bruset laga midt på 60-talet då ho gjekk i 3.klasse.


Trivelig men uhøytidelig golfturnering på Surnadal Golfpark

Jon Olav Ørsal Måndag 20. juli 2020

Lørdag var det ny turnering på Surnadal Golfpark på Mo. Denne gangen var det en uhøytidelig lagturnering som samlet hele 41 deltakere fra Sunndal, Stjørdal, Klæbu i tillegg til deltakere fra egen klubb. På vinnerlaget «Uten filter» deltok også todalingen Bjørn Redalen som nå bor i Trondheim og egentlig medlem i Stjørdal GK – de øvrige på vinnerlaget var  Tor Oterhals, Geir Berntsen og Martinus Grønnes.


På padletur nedover Toåa

Jon Olav Ørsal Sundag 19. juli 2020

Vi trudde mesta at det var «Brødrene Dahl» og «Elvegris» som var på ferde i Toåa i dag, men det var berre lokale heltar som tok seg ein fin padletur nedover Toåa. Vi «fanga dei opp» på ein liten videosnutt da dei passerte Båthølen – der Toåa tursti har sitt hovudkvarter med fiskerampe og gapahuk.


Furkjunnmat og seterdrift i Grøvudalen.

Mari B. Redalen Sundag 19. juli 2020

I dag har Todalen.no vore på Inner Gammelsetra i Grøvudalen som høyrer til i Sunndalsfjella. Her er det det ungdommar i 15-30 årsalderen som driv fullforedlingsseter. Med sal av seterprodukt og rømmegraut. I år 2000 vann Sunndal Seterdriftslag «Finseprisen» for arbeidet sitt med å ta vare på seterhusa og tradisjonane. I dag er det stiftelsen Gammelsetra som har det formelle ansvaret for seterdrifta ved Inner gammelsetra.


Betring i vêret i komande veke

Jon Olav Ørsal Sundag 19. juli 2020

Ein utstabil vêrtype dei siste par vekene ser no ut til å endrast til både betre temperatur og kanskje utan nedbør. På yr.no er det varsel om nedbør i form av regn fram til onsdag, men så blir det endring og betre vêr – dag for dag. 


«Mitt Prosjekt 1 »

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 17. juli 2020

FAU ved Todalen skule hadde som tidlegare nemnt planer om ei stor markering i samband med at «ny skulen» i Todalen i år er 100 år. Koronasituasjonen sette som kjent ein effektiv stoppar for jubileumsfeiringa, men som eit «lite plåster på såret» gjekk FAU i april ut og inviterte tidlegare elevar ved Todalen skule til å levere inn bilete og nokre ord om eit sløyd- eller handarbeidsprosjekt dei hadde laga ved Todalen skule. Responsen var ikkje den heilt store, men nokre prosjekt kom det inn. I vekene som kjem vil vi presentere desse her på todalen.no.


Er Innerdalen Noregs vakraste dal?

Jon Olav Ørsal Fredag 17. juli 2020

På ein finvêrsdag er det få plassar som kan måle seg med Innerdalen. Vi valte den enklaste måten for å kome dit – med bil til Nerdal – og til fots etter vegen dei 4 kilometrane innover til Renndølsetra og Innerdalshytta.


Hjortekadaver i fjøra

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 16. juli 2020

Torsdag kveld fekk vi melding om eit hjortekadaver som var observert i fjøra nedanfor Bergheim. Det
kan sjå ut som om kadaveret har kome med elva. Viltnemnda er kontakta og har teke tak i saka.