Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

På padletur nedover Toåa

Jon Olav Ørsal Sundag 19. juli 2020

Vi trudde mesta at det var «Brødrene Dahl» og «Elvegris» som var på ferde i Toåa i dag, men det var berre lokale heltar som tok seg ein fin padletur nedover Toåa.  Vi «fanga dei opp» på ein liten videosnutt da dei passerte Båthølen – der Toåa tursti har sitt hovudkvarter med fiskerampe og gapahuk.

Det vart kanskje litt for impulsivt, men med telefon som filmreiskap rigga vi oss til med litt filming frå fiskerampen – som vi kanskje frykta så vart det ikkje den heilt store videoinnslaget, men litt spenning og fart vart det for ungdommane som prøvde seg på elvepadlinga – båtfolket er Jan Nordvik Bruset,  Astrid Longva Kvendset og Svein Håvard Brøndbo.

Klikk på linken for å sjå videoopptaket

Publisert: 19. juli 2020, 21:00