Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Furkjunnmat og seterdrift i Grøvudalen.

Mari B. Redalen Sundag 19. juli 2020

I dag har Todalen.no vore på Inner Gammelsetra i Grøvudalen som høyrer til i Sunndalsfjella. Her er det det ungdommar i 15-30 årsalderen som driv fullforedlingsseter. Med sal av seterprodukt og rømmegraut. I år 2000 vann Sunndal Seterdriftslag «Finseprisen» for arbeidet sitt med å ta vare på seterhusa og tradisjonane. I dag er det stiftelsen Gammelsetra som har det formelle ansvaret for seterdrifta ved Inner gammelsetra. Noko til grunnen for at det er seterdrift der endå den dagen i dag er ganske spesiell, for på 70 talet ønskte kraftutbyggere å legga heile dalen under vatn. Men for å prøva og verna dalen og plassen mange var glade i,  var det viktig å kunna halda fram med seterdrift. I 1972 vart det første seterkurset arrangert og sidan har det vore seterdrift i Grøvudalen. Noko som er ganske unikt. 

For å koma hit køyrer du til Gjøra i Sunndalen, og tek av mot Hafsåsen og køyrer mot utsiktpunkt til Åmotan, her er det verd ein kort pause og sjå nedover juvet. Endå meir spektakulært er det nok å køyra til Jenstad for å sjå fossane frå botnen av Åmotan. Vidare køyrer du forbi fjellgårdane Svissdalen og Røymo. Her er det bomveg på ca 2km inn til Hallen. No byrjar spaseretappen innover Grøvudalen på ca 7 km, fin og lettgått sti med joggeskoføre i dag iallefall. Undervegs er det skilt med informasjon om stader du går forbi, blandt anna ein nedlagt kopargruve. Etter ca 1,5 timars tur i roleg gange vil du no sjå Gammelsetra og KNT selvbetjente Grøvudalshytta. Etter turen og opplevingane innover vil det no smake utruleg godt med setergraut og rødsaft. Sjå galleri under og tak turen sjølv. Todalen.no anbefaler Inner Gammelsetra for Norgesferien

Foto: Mari B Redalen

Publisert: 19. juli 2020, 19:32