Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Er Innerdalen Noregs vakraste dal?

Jon Olav Ørsal Fredag 17. juli 2020

På ein finvêrsdag er det få plassar som kan måle seg med Innerdalen. Vi valte den enklaste måten for å kome dit – med bil til Nerdal – og til fots etter vegen dei 4 kilometrane innover til Renndølsetra og Innerdalshytta.

Utsikt utover mot Innerdalshytta. Gammelhytta ligg lenger til høgre for bildetet. Foto: Driva/Jon Olav Ørsal

Historie sia 1620
Historisk har det vore busetting i Innerdalen heilt sia 1620 – både naturbasert fjellturisme, gardsbruk og seterdrift har vore levebrødet for to familiar. Renndølsetra er eit seteranlegg, der det er husdyr og tradisjonsbasert seterproduksjon i tillegg til servering og overnatting for både dagturistar og fotturistar, med Eystein Øpdøl som vertskap. Det er familien Opdøl som eig det meste av Innerdalen, som har vore eit eige landskapsvernområde sia 1967.
På Innerdalshytta er det i dag Iver og Toril Innerdal som er vertskap.  På Innerdalshytta er det tradisjonar for turistverksemd heilt sia 1889.  Iver fortel at det var oldeforeldra Halvor og Josefine som tok imot dei første fjellturistane i 1890, men offisiell opning vart det først i 1893 – da som den første turisthytta nord for Dovre.

 

5. generasjon
Iver som er 5. generasjon i Innerdalen og kona Toril tok over drifta i 1984 etter foreldra Olav og Betsy. Dermed er det lett å rekne ut at dei har lagt attom seg 33 år som drivarar på Innerdalshytta i år. I løpet av denne perioden har det skjedd mykje på Innerdalshytta. Til hundreårsjubileet i 1989 vart det bygd ny hytte – no kunne dei tilby turistane både dusj, badstue og bar med alle rettigheiter. I tillegg har ein utafor sesongen nytta lokala til andre aktivitetar som bryllaup og bursdagar. 
Sia først på 2000-talet har gamalhytta og fjøset vorte restaurert og nytta som sjølvbetjeningskvarter i ein avtale med KNT.  Hit til Innerdalen kjem det merka stigar både frå Sunndalen, Storlidalen og Todalen.  I dag er det 44 overnattingsplassar på Innerdalshytta – i tillegg er det 32 sengeplassar i gamalhytta og 20 i fjøset som er sjølvbetjent. På Renndølsetra er det 22 overnattingsplassar.

På Renndølsetra er det dyr – Her er det Olav , Sindre og Jens frå trondheim som kosar med hønene, og kunne tenkt seg å ta dem med til Trondheim. Foto: Driva/Jon Olav Ørsal

Spesielt år
2020 kjem til å gå over i historia som eit spesielt år. Koronavirusets herjing gjorde at det på etterjulsvinteren var uvisst om det var nokon 2020-sesong i det heile, fortel Iver.  Etter kvart vart det klart at Innerdalshytta kunne opnast til normal tid, men at drifta i sommar vart på spesielle vilkår. Dette første stor usikkerheit med seg – mellom anna vart det ikkje høve til å servere frukost, lunch og middag frå buffear. – Dermed måtte vi kast om heile serveringsverksemda og lage tallerkenrettar både til frukost, Ala carte til lunch og middag.  Dette har fungert utruleg bra, og vi kjem nok til å ta med oss noko av denne erfaringa vidare – sjølv etter at vi har lagt koronakrisa attom oss, seier Iver. I tillegg til dette har vi servering av kaffe og vaflar heile dagen.  

hestane sette også pris på litt avkjøling i Innerdalsvatna. Foto: Driva/Jon Olav Ørsal

 Kun på bestilling
I år har vi også vore pålagt å passa på bookinga, slik at det ikkje har vorte meir enn 2 personar på kvart rom og berre på bestilling. Dermed er 44 senger redusert til 34 no, denne sommaren.  Koronakrisa har også sett ekstra strenge krav til vasking og reinhald av anlegget.  Når vi har fullt hus med overnattingsgjestar og i tillegg har mange daggjestar så er det klart at vi blir sett på prøve. Men så langt har vi takla dette bra, seier Iver som i sommar har 7 tilsette i tillegg til seg sjølv og kona Torill. – Men samtalen med Iver varer ikkje så lenge – stadige utfordringar krev at han er på plass i resepsjonen for å legge til rette for tilsette og gjestar Innerdalshytta.     

Vi har laga eit bildegalleri frå besøket i Innerdalen – Alle foto: Driva/Jon Olav Ørsal

Publisert: 17. juli 2020, 14:30