Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for juli, 2020

Vi fann 55 artiklar i dette arkivet.


Hønhalsen er åv!

Guro Redalen Tysdag 14. juli 2020

Det er ei stor glede å kunne melde at Hønhalsen 2020 er «gått åv», og med dette er badesesongen i Todalen offisielt opna! For utabøgdes og andre uvitande kan det kanskje verke merkeleg og litt morbid å feire at ein hals blir delt. Men for oss andre med hug for friske elvebad og minne om […]


Grilling ved elvebredden

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 14. juli 2020

Toåa tursti har vorte ein stor suksess med mange daglege turgåarar, både frå nær og fjern. Det er to gapahukar og fleire tilrettelagte sitteplassar langs den ca. 1,8 kilometer lange turstien, Gapahukane er lokalisert i Båthølen og i Gunnøya. Måndag føremiddag tikka det inn ein sms, eller rettare sagt plinga den inn, med invitasjon til […]


Skoggjødsling med helikopter

Jon Olav Ørsal Måndag 13. juli 2020

Fleire nyplanta skogsfelt får no eit tilskot med gjødsel for å få fart på voksteren. Eit helikopter får gjort denne jobben utruleg effektivt, og flyr ut med gjødselspreiar som sørger for gjødsling av plantefelta.


Hett og Svett blir framleis stengt

Jon Olav Ørsal Måndag 13. juli 2020

Frå Todalen I.L. har vi fått melding som påverkar bruken av treningsstudioet «Hett og Svett» som har tilhald i det gamle postkontoret på Kvennset.  Dei skriv: «Hovedstyret i Todalen IL har beslutta at «Hett og Svett» framleis skal være stengt. 


Har du lyst på en tur til Savalen

Jon Olav Ørsal Måndag 13. juli 2020

Surnadal pensjonistlag planlegg busstur til Savalen – Det skjer helga 14. til 16. august, med planlagt avgang fra kommunehuset på Skei kl. 09:00. Pris kr. 2500,- pr. person for dobbeltrom og kr. 2850 for enkeltrom. For medlemmer av Surnadal pensjonistlag er bussturen gratis, mens ikkemedlemmer betaler kr 500,-. Vi får alle måltider fra lunsj fredag til frokost søndag, i alt […]


Opning av kunstutstilling i Skulstuå

Stig Husby Sundag 12. juli 2020

Todalingar og tilreisande sørga for eit solid oppmøte på opninga av kunstutstillinga til Odd Ingar Skrøvseth i Skulstuå. Kunstnaren sto sjølv for opninga, og svinga du ikkje innom utsillinga søndag er det heldigvis fleire sjansar i sommar. I to høgder viser Skrøvseth fram måleri, tresnitt, litografi og monotopi. Dei frammøtte til opninga fekk høyre historia […]


Dugnad på Skihytta

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 12. juli 2020

Det har i lang tid vore planlagt dugnad på skihytta for å skifte bordkledning på austre vegg. Hyttevaktmeister T. A. Moe har lenge planlagt dugnaden, og fredag og laurdag drog dugnadsgjengen til fjells for å skifte veggen og få gjennomført litt anna nødvendig arbeid på Skihytta. Dugnadsgjengen var på 7 personar og dei gjekk opp tidleg på ettermiddagen fredag. Som alltid ved aktivitet på Skihytta så er planlegginga tima og tilrettelagt til minste detalj. Og denne turen var ikkje noko unntak! Sjølvsagt var det innlagt overnatting til laurdag med ein rikhaldig meny. Dugnadsgjengen vart delt i 3 arbeidslag.


Fjord1: Rute 46 Kvanne-Rykkjem – ute av drift til 23.25

Jon Olav Ørsal Laurdag 11. juli 2020

Fjord1 melder for rute 46 Kvanne – Rykkjem at sambandet er innstilt intilt videre.  Ny oppdatering kommer så snart det er noen endring, står det i en kort melding fra Fjord1. Og fra kl 23.25 er det normal drift i sambandet igjen!


Nærare kjem du ikkje?

Jon Olav Ørsal Laurdag 11. juli 2020

Sterke krefter var påståeleg om hønhalsen fall i dag.  Men når vi skulle dokumentre at hønhalsen hadde gått av no i kveld, så oppdaga vi at den jammen hengte sammen enno.  Kanskje blir det i kveld, kanskje i natt eller kanskje ikkje før i morgon søndag?  Eller kanskje…….?


Todalingar på Sans Senja Skyrace – oppdatert etter målgang

Jon Olav Ørsal Laurdag 11. juli 2020

To todalingar har i helga teke turen til Senja for å delta i Sans Senja Skyrace.  Det er Kristoffer Nordvik som deltek i seniorklassen og Erik Kårvatn som enda deltek i juniorklassen. I skrivande stund er dei igang med løpet, som skal forsere 7 fjell, med 25 friske kilometer og 2800 spektakulære høgdemeter.


Månadens bilete juni Elg(hoinn) i solnedgang

Mari B. Redalen Laurdag 11. juli 2020

Gizmo i solnedgangen fotografert av matfar Ivar Bolme hanka elegant inn sigeren i månadens bilete konkurransen. Det var ekstra mange fine bileter denne gongen, noko som sikkert kjem av det gode vêret juni gav oss. Men vi håper de framleis sender oss bidrag. Kanskje er du på Norgesferie, og opplever noko fint som kan delas? […]


Midtsesongevaluering for Toåa – begrensningar i laksefisket

Jon Olav Ørsal Laurdag 11. juli 2020

Før fiskesesongen starta har direktoratet bebuda midtsesongevaluering, slik som det har vore dei siste åra. Leiar i Todalen elveeigarlag fortel at styret har utført pålagt midtsesongevaluering.  – Det har vore bra fiske i årets sesong, mange fiskarar og stor vassføring i elva.  Styret føler at det no er behov for å innføre begrensning i fisket etter stor laks – spesielt holaks.