Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for mars, 2020

Vi fann 114 artiklar i dette arkivet.


Årsmøtet i Todalen I.L. er utsett inntil vidare

Jon Olav Ørsal Onsdag 18. mars 2020

I ut og orden er årsmøter og andre sammankomstar avlyst eller utsett på ubestemt tid. Årsmøtet i Todalen Idrettslag er heller ikkje nok unntak. Årsmøtet var tillyst 31. mars, men blir no utsett inntil vidare, melder leiar i laget, Nils Ove Bruset.  Ny dato vil bli kunngjort seinare, fortel Bruset. 



Utkøyring av varer frå nærbutikkane

Jon Olav Ørsal Tysdag 17. mars 2020

På grunn av den spesielle situasjonen som har oppstått, vil nærbutikkane i Surnadal kommune starte med utkøyring av varer til folk som treng det. Det kan være folk som er i karantene eller som ønsker det av anna grunn, og gjeld altså Matkroken i Todalen, Matkroken i Bæverfjord og Bøfjord Samvirkelag. For den tenesta tek dei ein symbolsk sum av 50 kroner pr utkøyring – til dekning av kostnader med tenesta.


Ingen smitta så langt i Surnadal kommune

Elinor Bolme Tysdag 17. mars 2020

I dag fekk eit «samla» pressekorps møte Surnadal kommuen sin nytilsette kommuneoverlege. Bjørn Buan starta i 50% stillinga på måndag, men har bistått administrasjonen litt i kulissene før den formelle arbeidsavtala kom i havn. -Han kjem fra samhandlingsenheita i Orkdalsregionen, og vi er veldig glad for at vi no har fått på plass ein så kompetent person i denne stillinga. Ei stilling som vi har mangla lenge, og som vi no fekk beskjed  frå Fylkesmannen om å få på plass snarast, fortel ordførar Margrete Svinvik.


Endra åpningstider hos ALTI Surnadal

Elinor Bolme Tysdag 17. mars 2020

Fra og med i går 16.mars vart det i ALTI Surnadal nye midlertidige åpningstider i kjøpesenteret. No er senteret åpent mellom 10-16 mandag-fredag og mellom 10-15 på laurdagar, med nokre få avvik hos somme av butikkane. 


Ikkje utsett til påske det du kan handle i dag

Elinor Bolme Måndag 16. mars 2020

Det er oppfordringa til Gudmund Kårvatn ved Kårvatn Fjellutstyr AS no gir til dei som vurderer å handle seg nytt skiutstyr til påske. -Vi er no førebudd på enda sterkare restriksjonar for å redusere smittefaren i forbindelse med COVID-19, og ser ikkje bort i fra at også fleire innan detaljhandelen må stenge butikkane over ein periode for å få has på dette viruset.


Cafe Dan stenger dørene midlertidig

Elinor Bolme Måndag 16. mars 2020

Fra å med i morgon held Cafe Dan stengt, fortel dagleg Ingrid Pedersen til Todalen.no. -Vi vel å stenge før vi får pålegg om det da det er minimalt med folk ute no og ser ikkje vits å halde ope framover.


Vedtak frå kommuneoverlegen i Surnadal kommune 16.03.2020

Elinor Bolme Måndag 16. mars 2020

Den nytilsette kommuneoverlegen Bjørn Buan i Surnadal kommune har i dag fatta sitt første vedtak som naturleg nok dreier seg om koronaviruset. På heimesida til Surnadal kommunen er dette vedtaket no i kveldinga lagt ut ny og gir oss oppdatert info om blant anna innreiserestriksjonar frå fylka Oslo, Agder, Rogaland, Viken, Vestfold og Telemark, Innlandet og Vestlandet. 


Beredskapstiltak på kommunehuset og for heimetenesta

Jon Olav Ørsal Måndag 16. mars 2020

På Surnadal kommunes heimeside er det lagt ut ny og oppdatert informasjon i dag, måndag 16. mars. Det er informasjon om at kommunehuset er stengt frå måndag, og informasjon frå Heimetenesta i kommunen – om handtering av koronaberedskapen. Bla vidare for å lese om dette eller klikk på linken til kommunens heimeside med aktuell info



Skiskytingens dag er avlyst

Jon Olav Ørsal Måndag 16. mars 2020

Indre Nordmøre forsvarsforening avlyser årets «Skiskytingens Dag»  på Gravvold i Bæverdalen laurdag 21. mars kl. 12 – 16.


Usett songmøte

Elinor Bolme Måndag 16. mars 2020

Det tillyste song-/revymøtet med Henning Sommerro, Styrkår Brørs, Eivind Holte og Holger Skei på Surnadal kulturhus, onsdag 18.03.20, er avlyst.