Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for april, 2019

Vi fann 77 artiklar i dette arkivet.

Side 5 av 7« Første...34567

17. mai 2019: Feiring på gang

Jon Olav Ørsal Onsdag 10. april 2019

Det er vel å overdrive å seie at alt er klart til feiringa av nasjonaldagen i Todalen, men planlegginga er i iallfall kome i gang. Eit tjuetal komitémedlemar i utgangspunktet er krympa til 13-14 og nokre av disse hadde sitt første planleggingsmøte onsdag kveld. Konklusjonen er at det blir tradisjonell feiring av nasjonaldagen i Todalen.


Vårfest med naboane på laget

Jon Olav Ørsal Onsdag 10. april 2019

Første helga etter påske – fredag 26. og laurdag 27. april – brygges det opp til vårfest på Syltøran. Det er Eik sentret, Sveen Auto, Hagland Surnadal og Byggmakker Surnadal som går saman om å arrangere vårfest med massevis av gode tilbud og stor aktivitet i butikkane. – Vi har ein lang tradisjon for å arrangere vårfest med landbruksutstilling for våre kunder, og i år har vi invitert med oss våre gode naboer, seier Iver Magne Nes ved Eik Sentret.


Medlemsmøte i Surnadal Pensjonistlag

Jon Olav Ørsal Onsdag 10. april 2019

Det blir medlemsmøte på sjukeheimen tirsdag 23.4. kl 1500. Kommunesjef Gunnhild Eidsli vil orientere om den nye helse- og omsorgsplanen, vidare blir det quiz, servering og loddsalg. Som vanleg song og musikk. Vel møtt alle saman! Det er styret i Surnadal pensjonistlag som skriver det i ei pressemelding. 


KBK innvidde Talgø mathall på Kristiansund stadion

Jon Olav Ørsal Tysdag 9. april 2019

Det var lang kø da Talgø mathall opna på Kristiansund stadion sist søndag. Talgø mathall er kort og godt ein plass der du innandørs kan kjøpe og fortære ein matbit – det være seg ein fishan, pizza eller KBK-burger og høveleg tilbehør. På stadion finns det dog fleire tilbod – Talgø mathall har eit familiepreg og kan brukast av heile familien – både store og småe. I tillegg er Slatlem Corner eit tilbod der det er 18-årsgrense, og så den tradisjonelle VIP-avdelinga for sponsorane.


Fint besøk vant månadens bilete

Mari B. Redalen Tysdag 9. april 2019

Det fine besøket og Sissel H.Storslett vant månadens bilete for mars. Redaksjonen gratulerer. Hugs å send oss nye bidrag. Vi er glade på alle bileter som kjem inn til oss.


Påskesalg med litt av kvart på Kårvatn

Jon Olav Ørsal Tysdag 9. april 2019

Kårvatn Fjellutstyr AS og Kårvatn Handelskompani AS byr denne uken på årets påskesalg. Det meldes om kjempetilbud på toppturpakker, stort demoskisalg, tidenes største vareprøvesalg fra merket Crazy Idea – og andre godbiter både i butikken og fra importlageret! 3 dager – torsdag til lørdag med utvidet åpningstid – bla videre og se plakaten.


Ny påskekrim er klar!

Elinor Bolme Måndag 8. april 2019

Påska er like om hjørnet, og nok ein gong er vi så heldige å ha fått ein ny spesialtilpassa påskekrim frå Guro Redalen. Ho fortel at ho av og til blir så inspirert av alt det spanande som skjer her i Todalen, at det berre måtte bli ein ny krim i år også. Som forøvrig er den fjerde påskekrimmen ho har skreve for oss så langt.


Finverstur på Nordvik

Dordi Jorunn Halle Måndag 8. april 2019

Måndag 8. april kom med retteleg finver og sol, om enn litt skarp og kald luft, og det vart ein kjempefin Kløvertur utover etter Haltbakkvegen på Nordvik.


Klar beskjed frå ungdommane; ikkje kødd med klassane våre!

Elinor Bolme Måndag 8. april 2019

Eit 40-tals streikande 8. klassingar troppa i dag opp på kommunehuset på Skei med klar beskjed til administrasjonen; Ikkje ta frå oss ein klasse frå hausten. Vi vil ha alle tre! Bakgrunnen for det brennande engasjementet er at det før helga hadde komme fram i ein sms til foreldra på trinnet at dei tre klassane på 8. trinn ved Surndadal Ungdomsskule skulle reduserast til to.


KNT: Fjellet klart for påsketuristene

Harald Oppedal, daglig leder i KNT. Måndag 8. april 2019

Til tross for sen påske er det fine forhold på fjellet. Det er bare å pakke sekken og spenne på seg skiene, DNT-hyttene er klare til å ta imot påskeglade nordmenn.
– Det ligger til rette for en drømmepåske i fjellet, med aprilsol og flotte skiforhold de fleste steder. Frivillige og ansatte i DNT har jobbet på spreng de siste ukene for at du skal kunne få den perfekte påskeferien med ski på beina og appelsinpause i solveggen, sier generalsekretær i Den Norske Turistforening, Dag Terje Klarp Solvang.  


Full pott til Toåa Tursti

Jon Olav Ørsal Sundag 7. april 2019

Tydeleg at turstiprosjektet «Toåa Tursti» engasjerer bygdefolket. Søndag samla basaren som vart arrangert fullt hus i Todalen ungdomshus, og det kom inn pengar så det monner denne gongen også. Heile prosjektet med tursti frå Bønnavollan og nedover til Halsabrua er kostnadsrekna til rundt 1,2 mill. kroner, der ein halvpart skal finansiert med midlar og dugnadsinnsats og den andre halvparten skal finansierast med tippemidlar.


Kløvertur uti Haltbakkan på Nordvik

Dordi Jorunn Halle Sundag 7. april 2019

Sanitetsforeninga inviterer til Kløvertur måndag 8. april. Da går turen på Nordvik, frå Sjøleet og etter vegen utover til Haltbakkan, fin grusveg og ikkje bratt. Start frå Matkroken/Hals kl. 11.00.


Side 5 av 7« Første...34567