Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Vårfest med naboane på laget

Jon Olav Ørsal Onsdag 10. april 2019

 Første helga etter påske – fredag 26. og laurdag 27. april – brygges det opp til vårfest på Syltøran.  Det er Eik sentret, Sveen Auto, Hagland Surnadal og Byggmakker Surnadal som går saman om å arrangere vårfest med massevis av gode tilbud og stor aktivitet i butikkane. – Vi har ein lang tradisjon for å arrangere vårfest med landbruksutstilling for våre kunder, og i år har vi invitert med oss våre gode naboer, seier Iver Magne Nes ved Eik Sentret. 

Vi utfyller kvarandre godt, så no kan vi faktisk seie at det er eit tilbud til heile familien – medan far ser på traktorar og maskiner, kan mor førebu våronna i hagen på Hageland like i nabolaget.  Og Hubertine på Hageland reklamerer med at dei er klare for å starte ein travel vårsesong med det meste av trær, busker og blomster på plass i hagesentret – og blir det finvêr så blir det trailersalg av hagemøbler.  Byggmakker vil også markere våren med massevis av gode tilbud i butikken.

Prisar våren med Vårfest på Syltøran – 4 gode naboar slår på stortromma første helga etter påske – fredag 26. og laurdag 27. april. Arkivfoto med utsikt frå Roparen: Jon Olav Ørsal

På Sveen Auto vil dei også slå på stortromma desse dagane – dei vil presentere ein heilt ny bilmodell denne helga.  Det er nok mange som er interessert både i nye og brukte bilar, og Sveen vil også ha open dag i sin bilverkstad, slik at dei får vist fram korleis dei har det og korleis dei jobbar. I tillegg vil vi by på grillmat på dette arrangementet, seier Lars K. Todal.

Vårfesta går som sagt over 2 dagar – fredag og laurdag, og det gjer at alle får mulighet til å stikke innom for å sjå kva vi har å by på. – Dette er ein ypperlig måte for å vise kva vi står for, og kva vi har å by på. I tillegg vil også mange av leverandørane våre kome og bli med for å vise fram og demonstrere produkt som vi forhandlar.

 

Publisert: 10. april 2019, 14:12