Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Full pott til Toåa Tursti

Jon Olav Ørsal Sundag 7. april 2019

Tydeleg at turstiprosjektet «Toåa Tursti » engasjerer bygdefolket. Søndag samla basaren som vart arrangert fullt hus i Todalen ungdomshus, og det kom inn pengar så det monner  denne gongen også.  Heile prosjektet med tursti frå Bønnavollan og nedover til Halsabrua er kostnadsrekna til rundt 1,2 mill. kroner, der ein halvpart skal finansiert med midlar og dugnadsinnsats og den andre halvparten skal finansierast med tippemidlar.

Den store byttedagen. Under basaren var det lagt opp til bytte av utstyr i kjellaren – det er mange som veks fort ut av sko og klær, og da er det bra at dette utstyret kjem til nytte for andre, seier Gunnar Nordvik. Foto: Jon Olav Ørsal

I dag var det altså basar, der inntekta gjekk uavkorta til turprosjektet som alt er i starta med skogrydding.  – No er det maskinarbeid som står for tur, og det vil etter plana starte hausten 2019. Deler av prosjektet er planlagt for å kunne nyttast av funksjonshemma, og det blir nok mange som får glede av dette turstiprosjektet.

Torkjel Moe og Ragnar Halle dreiv med åresal – her prøvar dei seg på Johan Ørsal og Hans Gundersen. Foto: Jon Olav Ørsal

Elinor Bolme er glad for at prosjektet har slik god støtte frå alle hold. Det har vore lett å få med folk på dugnadsarbeid, og folk støttar villig vekk på basarar og på andre måtar.  -Vi har også eit godt samarbeid med grunneigarane som velvillig har stilt grunn til disposisjon for turstiprosjektet.  Denne gongen var det som sagt full utteljing på basaren med heile 36.000 blanke kroner.  – Takk til dere alle, seier kasserar Michal Heimlund, som er kjempenøgd med resultatet.

TREKNINGSLISTE DAGENS BORD

TREKNINGSLISTE basarbord 7.4.19

Bakels og graut slår aldri feil! Frå venstre Laila K. Bergli, Maly Brusethaug og Steffi Bohle som rådde grunnen på kjøkkenet. Foto: Jon Olav Ørsal

Rundt kaffebordet – frå venstre Johan Ranes, Jean Kvendset, Jakob Ranes, Synnøve Talgø og Sigrun Ørsal. Foto: Jon Olav Ørsal

To tøffingar som har vokse frå syklane sine og dermed vil overlate til yngre krefter – fra venstre Hallvard Rudson og Markus. Foto: Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 7. april 2019, 20:16