Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

KBK innvidde Talgø mathall på Kristiansund stadion

Jon Olav Ørsal Tysdag 9. april 2019

Det var lang kø da Talgø mathall opna på Kristiansund stadion sist søndag. Talgø mathall er kort og godt ein plass der du innandørs kan kjøpe og fortære ein matbit – det være seg ein fishan, pizza eller KBK-burger og høveleg tilbehør. På stadion finns det dog fleire tilbod – Talgø mathall har eit familiepreg og kan brukast av heile familien – både store og småe. I tillegg er Slatlem Corner eit tilbod der det er 18-årsgrense, og så den tradisjonelle VIP-avdelinga for sponsorane.

Klart for snorklipping og opning av den nye Talgø mathall. Her skal det selges fishan, KBK-burgarar og pizza – med høvelig tilbehør. Foto: KBK

At den nye mathallen heiter «Talgø mathall» er ikkje heilt tilfeldig. En sponsoravtale, der Talgø MøreTre byr på material til sjølve mathallen er gjort, sier marketingsjef i Talgø Møretre Heid Snekvik, og poengterer at gode erfaringar og godt samarbeid under bygging av Slatlem Corner har vidareført sponsorsamarbeidet med KBK. Begge de to bygga er basert på MøreRoyal frå Talgø Møretre. 

Publikum fann seg godt til rette i Talgø mathall. Foto: KBK

Bygging av mathallen er forresten eit omfattande samarbeid, der Talgø MøreTre har levert materialar, Strand og Stubø har levert taket, West elektro har sørga for elinstallasjon og snekkar Kirksæther har lagt det meste av golvet.
4000 publikummarar sørga i tillegg for topp stemning på stadion sist søndag, og med seier på 2-0 mot Vålerenga kan vi vel berre erklære dagen for vellykka….

Bendik Bye prøvesitt sitt eige bord før kampen mot Vålerenga, der han vart bidragsytar at eit av dei to måla – og mesta det 3. Foto: KBK

 

Først publisert: 9. april 2019, 17:00 - Sist oppdatert: 10. april 2019, 14:13