Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for september, 2014

Vi fann 81 artiklar i dette arkivet.

Side 1 av 712345...Siste »

Tysdag var siste dag på jobben for Anders

Jon Olav Ørsal Tirsdag 30. september 2014

Tysdag hadde Anders Talgø sin siste arbeidsdag ved Surnadal Vidaregåande skule. Jobben som rektor var slutt 1. september, da Mons Otnes formelt tok over ansvaret. Den siste månaden har dei to overlappa, og har mellom anna gjennomgått prosjekt som ikkje er avslutta. Men no er det slutt med skulearbeid, og det blir honning- og straumproduksjon i staden.


Mulig periodevis stengt veg

Elinor Bolme Tirsdag 30. september 2014

I morgon kan det bli periodevis stengt veg etter innkjøringa til Sissigrenda, melder Kjetil Rønning i Veidekke Industri AS. Stikkrenna som vart utskifta der i forrige veke må senkast ytterlegare og for at dette skal bli gjort unna snarast rå, kan det bli behov for stenging i korte periodar fortel han.


Utan TV-signal: – Skuggenettet ute på 4. dagen

Jon Olav Ørsal Tirsdag 30. september 2014

Helgas runde med lyn og torden har nok slått ut sendaren for skuggenettet på Hjellnes. Sendaren er no ute på 4. dagen, og folk tek til å bli utålmodige. I feilmeldingstjenesten på Norges Televisjon står sendaren i Todalen oppført med teknisk feil….


No blir det slutt på ruskvêret

Jon Olav Ørsal Mandag 29. september 2014

Ruskvêret er nok over for denne gong. På «indre» vart det på langt nær så dårleg vêr som vêrmeldingane tyda på, men vi har nok hatt føling med både sterk vind og store nedbørsmengder. Elvane har vore prega av nedbøren, og natt til søndag var det nok mest vassføring i Toåa. Da var vassmålaren opp mot 42 m3/sek ved NVEs målestasjon ovafor Storfossen.


Utdanning + kjærlighet = ikke Todalen

Mari B. Redalen Mandag 29. september 2014

Som så ofte skjer, utdanning må gjøres utabygds, og da er det også en viss fare for at en finner den store kjærligheten på turen. Det opplevde denne gangs blogger også, som så mange med henne.


T.I.L. – medlemsfest med skaldyrmeny

Jon Olav Ørsal Søndag 28. september 2014

Laurdag kveld var det tid for medlemsfest for Todalen Idrettslag. Det skjedde på Pakkhuset Kro, der det var duka for årets store skaldyrfest, og mellom 40 og 50 deltakarar gjorde eit skikkeleg innhogg i skaldyrkoldtbordet som verskapet hadde laga i stand.


Konfirmasjonsfest med 50-årsjubilantar

Jon Olav Ørsal Søndag 28. september 2014

Denne helga markerer soknerådet 50-årsjubileum for konfirmantane frå 1964. Denne markereinga starta med fest i Todalen ungdomshus laurdag kveld, og fortsette søndag med markering under gudstenesta i kyrkja. 10 av dei 14 konfirmantane deltok på festa laurdag kveld, der både jubileumskonfirmantane og bygdafolket elles var invitert til middag og underhaldning i ungdomshuset.


4H gjer seg klar for haustfest

Elinor Bolme Lørdag 27. september 2014

Onsdag kveld var det medlemsmøte i Start 4H. 7 av 9 medlemer var samla for å planlegge haustens program, der den tradisjonelle haustfesta står sentralt. Dato her vart sett til søndag 26. oktober. Ellers planlegg dei også ein fellestur til Rauåa søndag 5. oktober. Her er vi lova meir informasjon etterkvart.  


Fleire billettar til HÆSTlatter

Jon Olav Ørsal Fredag 26. september 2014

Det er enno ein månad før revyførestillinga HÆSTlatter går av stabelen, men alt no er det klart at både fredags- og laurdagsførestillinga kjem til å gå for fullt hus i ”Gladlaksen” på Thon Vårsøg hotell. No har Thon Vårsøg hotell rydda meir plass til publikum, og dei legg ut nye 50 billettar på begge kveldane (fredag 30.10 og laurdag 1.11)


Opprørs-10 – Du verden for ei førestilling!

Jon Olav Ørsal Fredag 26. september 2014

Etter tre kveldar på rappen med fullt hus i Storstua på kulturhuset, var det torsdag kveld tid for å slå sluttstrek for revyen «Opprørs-10» med 10. klasse ved Surnadal ungdomsskule. Du verden så flott ein revy og så mange dyktige talenter vi fikk oppleve på scena. Publikum vart «hekta på» heilt frå starten, og det var stigning gjennom begge dei to aktene.


Nytt og flott apotek – vi var på opningsfesta

Dordi Jorunn Halle Fredag 26. september 2014

Etter 14 dagar med hektisk ombygging og opp-pussing var det torsdag 25. september opningsfest for apoteket i Surnadal med mange gode tilbod, blautkake og kaffe. Mange tok turen innom, og det var mange lovord å høyre om det nye apoteket!


Hausttur til Mulneset

Jon Olav Ørsal Fredag 26. september 2014

Stavgangturen denne veka gikk til Mulneset, med start frå Søyabanen. Mulneset er ikkje så langt frå staden der det er planlagt at flytebrua skal få sitt landfeste på nordsida av fjorden, dersom flytebrualternativet blir aktuelt. Randi og Vidar Sogge var som vanleg utrusta med kamera på turen, og har sendt oss mange fine bilder som vi viser i bildegalleriet nedafor.


Side 1 av 712345...Siste »