Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for desember, 2013

Vi fann 67 artiklar i dette arkivet.


Desembervarme – mot normalt, eller?

Jon Olav Ørsal Onsdag 25. desember 2013

I år har vi opplev ein desember litt utanom det vanlege når det gjeld temperatur. Hittil har det vore varmegrader kvart døgn, unnateke ett. Tilsaman 8 av døgna har det vore meir enn 10 plussgrader. I to av døgna har det vore kaldare enn 10 kuldegrader. Julaftan 2013 vart den nest varmaste som er målt på Småhjellan sia 1990 med + 13,1. Men er dette så unormalt?


Blide gutter, tross stortap!

Elinor Bolme Onsdag 25. desember 2013

Har også i dag et lite «arkiv bilde» å vise fram. Og med korpsbildet til May-Elisabeth Holten friskt i minne, er kanskje første tanken: -Ja her er det ikkje mykje korpskar…

Bildet er frå rundt 1980, og fotografen er Jon Lunde.


Gledelig jul til dere alle!

Elinor Bolme Tysdag 24. desember 2013

Redaksjonen ønsker alle våre leser, brukere og kanskje ein og anna todalspatrioten ei riktig god jul.Det har vore eit innhaldsrikt år, både på godt og vondt, men eit år dei fleste av oss ikkje ville ha vore foruten.


Julehelsing frå Santa Rosa i California

Jon Olav Ørsal Tysdag 24. desember 2013

Todalingane er meir eller mindre spredd over heile verda. Ein av dei er Birgitte Kvendset som er busett i Santa Rosa i Californinia saman med familien. Ho er trufast lesar på Todalen.no, og er nok innom for å sjå nytt frå Todalen dei fleste dagane i året. I sommar var familien i Todalen, og da trefte vi dei på sykkeltur rundt bygda. Jula skal dei feire heime i Santa Rosa, med juletradisjonar både frå Todalen, Mexico og lokal tradisjon. Frå Birgitte har vi fått ei julehelsing og mange fine bilete som du kan sjå i fotogalleriet.


Julaftan: Kaffeopne kyrkjer i Todalen og i Åsskard

Jon Olav Ørsal Måndag 23. desember 2013

Todalen og Åsskard kyrkjer er opne med kaffe og noko attåt timen før gudstenesta julaftan. Dette for at den som vil, kan stresse ned og finne ro før høgtida. Somme vil kanskje tenne lys på kyrkjegarden. Sokneråda serverer julekaffen. I Todalen kyrkje startar gudstenesta kl 13.30


Inga jul uten…

Sondre Halset Måndag 23. desember 2013

Med jula kjem og juleølet, og i god tradisjon skal Todalen Juløltestarlaug foreta smakstesing av fleire ulike sortar juleøl. Årets test var gjennomført i Bud, kystens perle, der ein av laugets medlemmar til dagleg held hus. Alle dei 33 sortane vart behørig testa, og kriteria var som ved ein fullgod offisiell test i ulike media: […]


Romjulsmarsjen – 3. juledag tek vi runden rundt bygda!

Jon Olav Ørsal Sundag 22. desember 2013

Romjulsmarsjen er ein godt innarbeidd tradisjon i Todalen. Sjølv om det er mykje som skjer denne dagen så setter vi av tid til ein runde rundt bygda. På det meste har mesta 150 små og store todalingar delteke på dette arrangementet i TIL trimgruppas regi. Det blir start mellom 12 og 15, og som vanleg er det registrering på Bruset og ved Sandstad, der det også er gløggservering.


Matkroken – opningstider før jul og i romjula

Jon Olav Ørsal Laurdag 21. desember 2013

Handelsmann Nordvik på Matkroken L.Hals melder om nokre endringar i opningstida før jul og i romjula. Det startar med utvida kioskope på søndag, da opningstida blir frå 14 – 18. Måndag 23. er opningstida utvida til kl 19. Julaftan er opningstida 9-13. Han minner og om at HalsOil-stasjonen er open heile døgnet for kortkjøp, og eller i opningstida for butikken for kontantkjøp.


I dag snur sola – snart er det vår!

Jon Olav Ørsal Laurdag 21. desember 2013

Endeleg er det lysning i sikte. Laurdag 21. desember kl 18.11 snur sola, og det går mot lysere tider. I Todalen er det «mørketid» akkurat nå, men det lir ikke langt utover januar før sola kikker frem igjen, og vi merer snart at dagene blir lengre. Det går ikke så fort i starten, men etter hvert blir dagen en time lenger hver 10. dag.


Rimeleg julegave T-skjorte og Collegegenser på laurdagstilbud

Jon Olav Ørsal Fredag 20. desember 2013

Todalen idrettslag tilbyr eit restparti med T-skjorter og Collegegensere til rimeleg pris. For kr 50 får du kjøpt T-skjorter og collegegensere med TIL-logo. Det blir salgsstand på Matkroken L.Hals laurdag mellom 11 og 15. Både T-skjorter og Collegegensere er av fleire forskjellige størrelsar.  Nytt høvet til å kjøpe deg eit plagg med laget logo


«På kanten av…» i innspurten – har du billett?

Jon Olav Ørsal Fredag 20. desember 2013

For todalingane blir det ikkje jul utan 3-dagsfest og julerevy. Todalen idrettslag er i rute med julerevyen og vi gler oss på romjulsfesta, seier festsjef Borghild Talgø. Mange trur nok at det blir raset som blir hovudtema for revyen i år, men der tek dei grundig feil, seier Håvard Halset som er talsmann for revygjengen. […]


Julebutikken på låven

Jon Olav Ørsal Fredag 20. desember 2013

I butikken til Kårvatn Fjellutstyr er det fullt trykk om dagen. Her finn du gåva til dei «som har alt», og laurdag er det servering av gløgg, kaffe, kjeks og pepparkaker. Butikken er open frå 10-16.