Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

«På kanten av…» i innspurten – har du billett?

Jon Olav Ørsal Fredag 20. desember 2013

For todalingane blir det ikkje jul utan 3-dagsfest og julerevy. Todalen idrettslag er i rute med julerevyen og vi gler oss på romjulsfesta, seier festsjef Borghild Talgø. Mange trur nok at det blir raset som blir hovudtema for revyen i år, men der tek dei grundig feil, seier Håvard Halset som er talsmann for revygjengen. Dei har jobba lenge i haust med skriving av revytekstane, men er no godt i rute med sceneøvinga i Todalen ungdomshus.

Rollebilete_0C00

Det er ikkje godt å seie kva vi får sjå når «På kanten av …» kjem på scena. Foto: revygjengen.

Eigentleg er det ein snill revy, fortsett Halset, for det er ingen som får ”passet sitt påskrive”. Han fortel vidare at det er både gammalt og nytt mannskap med på revyarbeidet – ein god miks for å få til ein artig og god revy. Men elles held han korta godt til brystet, og vil ikkje røpe så mykje om det som skal skje. Men nokre små lekkasjar klarer vi da å lirke ut, så vi fikk eit klart signal om at ungkarane var eit heitt tema.

Elles blir nok eigarlause grasballar og ei løysing på effektiv eldreomsorgas mange utfordringar til gode skjetsar frå scena denne kvelden. Litt anatomi og statistikk blir det også, legger han til utan at vi heilt forstår kva han meiner med det? Borghild skryter av maten som skal serverast på revyfesta. I år blir det ein god italiensk tallerken, med serranoskinke som basis og med både gode ostar og mykje anna godt til. Dette smakar godt med eit godt vin- eller ølglas til, og kjøkkenet vil bli ope utover heile kvelden.

Ho er også imponert over innsatsen til revygruppa, for dei gjer eit utruleg bra innsats for å få til ein god julerevy. Ho fortel vidare at det i år blir god gammaldags revy frå hovudscena og med stolrekkjer i salen.  Etter at revyen er ferdig blir golvet rydda og kvelden fortsett vidare som dansefest med levande musikk frå ”Gøy på landet”Billettsal til revyfesta er alt i gang, men det er enno att billettar som er i sal på Matkroken i Todalen. Men det blir nok kamp om billettane etter kvart som storsalen i Todalen ungdomshus fylles opp av kultursugne todalingar og andre.

Publisert: 20. desember 2013, 22:47