Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for desember, 2013

Vi fann 67 artiklar i dette arkivet.


Så blir det ein lang juleferie

Jon Olav Ørsal Fredag 20. desember 2013

Fredag var det siste skuledag for i år. Tadisjonelt brukar Todalen oppvekstsenter avslutte til jul med ei eiga julegudsteneste i Todalen kyrkje, og den korte turen til kyrkja tek dei sjølvsagt til fots, med eit fint fakkeltog nedover nedover i halv mørkret. Her er heile hopen på tur attende til skulen, og da var god trafikkultur […]


Månadens bilete: Morgenstund på Lauvåfjellet

Ole Petter Talgø Fredag 20. desember 2013

Da er avstemninga av månadens bilete for november ferdig, og vi kan gratulere Jo Gjeldnes som vinnar med biletet «Morgenstund på Lauvåfjellet». Vi gratulerer og lover at premien blir overbrakt ved første anledning.


4. juledag blir barnas dag på Pakkhuset

Jon Olav Ørsal Fredag 20. desember 2013

4. juledag, kl 16.00, blir det musikkeventyr på Pakkhuset. Det er Eirik Husby som kjem med ei forestilling for barn i alderen 3-6 år, men passer også for dei som er både mindre og større. Om musikkeventyret fortel Eirik:


Innslag frå Todalen på NRK1 – sjå det på nettet!

Jon Olav Ørsal Torsdag 19. desember 2013

Fredag 20. desember blir det eit innslag på NRKs lokalsending frå Todalen. Lokalsendinga er utvida denne kvelden, og startar alt kl 18.10, og går heilt fram til Dagsrevuen kl 19.00. Etter plana kjem innslaget ca kl 17,25, og varer rundt 5 minutt. Du må berre hugse å velge rett kanal, NRK Møre og Romsdal, for elles kan du oppleve å få f.eks. Østlandssendingen på skjermen.


100 år med Sunndalshistorie mellom permane

Jon Olav Ørsal Onsdag 18. desember 2013

«Hundre år i Sunndal» er ei imponerande samling historie, der forfattarane har funne plass til både store og små hendingar i Sunndal dei siste hundre åra. Bokprosjektet har vore mykje omtala i media, og vi har sett at det har vore delte meiningar om korleis dette skulle gjerast. Når ein sit og blar i resultatet av diskusjonane, blir ein berre imponert. Interessant, lettlest og ein masse bilder. Unike bilder!


Vårens filmhit-aften med kor og korps

Jon Olav Ørsal Onsdag 18. desember 2013

Surnadal hornmusikk og koret Vox har den store glede å meddele at billettsalget til Vårens filmhit-aften nå er lagt ut for salg. Det kommer til å handle om filmmusikk i Surnadal i mars neste år når koret Vox og Surnadal Hornmusikk går sammen om to festkvelder. Konsertene vil by på ulike varianter med kor og korps, kor og band og bare korps. Underveis skal det vises film-snutter som medielinja ved Nordmøre Folkehøgskule har sydd sammen.


KNT søker nytt vertskap til Todalshytta

Jon Olav Ørsal Onsdag 18. desember 2013

Kristiansund og Nordmøre turistforening søker etter nytt vertskap på Todalshytta fra sesongen 2014. Åse Grydeland Øyen har takka av etter mange sesonger som vertinne ved Todalshytta. Todalshytta har i dag 28 senger, og tar i mot både fotturister, dagturister med bil og arrangerer selskap som bursdager og bryllyp.


Svorka sjekkar linjene med helikopter

Jon Olav Ørsal Tysdag 17. desember 2013

Fleire rundar med storm og mykje styggvær i haust har sett Svorkas linjenett på ein skikkeleg prøve. Nokre linjeskadar har det vore, men stort sett har det dreid seg om trefall over linja. No vil Svorka Energi ta ein sjekk på linjene, før det blir full vinter.


Til nissen med graut…

Jon Olav Ørsal Tysdag 17. desember 2013

No er det høgsessong for nissen, og i dag gjekk barna i barnehagen til nissen med graut. Vi fann nissen i Austistua. der han satt og kvilte seg. Nissen var glad for grauten han fekk, og til takk fekk barna rosiner.


Uten tilgang til Internett i ettermiddag

Jon Olav Ørsal Tysdag 17. desember 2013

Todalen var i ettermiddag uten tilgang på Internett frå Svorka Aksess ei stund. Feilen vart retta etter kort tid, og no skal todalingane være  «på lufta» igjen.


Ungane sluttar snart til jul, mens Dordi sluttar for godt

Elinor Bolme Måndag 16. desember 2013

I kveld var det tradisjonell juleavslutning ved Todalen Oppvekstsenter, i ordets rette forstand. Ungane hadde øva inn ein heil mengde med nummer som dei stolt viste fram for foreldere, søsken og besteforeldre. Her var det både tekstlesing, diktlesing, dramatisering og ikkje minst julesongar i alskens variantar, både på norsk, engelsk og belgisk.


Harmlaus stormflo

Jon Olav Ørsal Måndag 16. desember 2013

Måndag var det meldt storflo med mellom 40 og 80 ca høgare vannstand enn vanleg. Med stormvarsel frå Stadt til Helgelandskysten i tillegg kunne det har vorte skikkeleg stormflo i 10.30-tida i dag. Stor flo var det, men vi har nok hatt mykje høgare målingar ved tidlegare høve.