Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

4. juledag blir barnas dag på Pakkhuset

Jon Olav Ørsal Fredag 20. desember 2013
4. juledag (lørdag 28.12.), kl 16.00, blir det musikkeventyr på Pakkhuset på Todalsøra. Det er Eirik Husby som kjem med ei forestilling for barn i alderen 3-6 år, men passer også for dei som er både mindre og større. Om musikkeventyret fortel Eirik:
– Dette er eit musikkeventyr som eg har laga og framført i 6 barnehagar så langt rundt omkring i Oslo, med gode tilbakemeldingar. Reint praktisk så har eg med meg ein gitar og forteller om Talinda og Den Rare Radio og spiller sanger. Eg prøver  å få med meg barna så mykje som mogleg undervegs både med hopping, dansing og allsang. Førestillinga tek mellom 20 og 25 minutter.
-Historia heiter altså Talinda og Den Rare Radio. Den handlar om Talinda, på tre år som ein dag er ute i hagen og huskar og så blir ho treft av ein regndråpe frå himmelen.  Den renn ned frå panna og ned til munnen, og ho slurpar den i seg. Den smakar mest vått, og litt salt. Så begynner ting å skje. Ho høyrer plutseleg musikk frå skogen bak huska. Ho går etter lyden, og finn ein radio i ei maurtue.
-I korte trekk så er dette ein radio som viser seg å ha fleire egenskaper enn ein vanleg radio, og det utvikler seg eit vennskap mellom dei. Radioen er ein litt underlig figur, med bergensk dialekt,  som har ein underfundig humor og som ikkje husker kor den kjem i frå. Først og fremst spelar denne radioen songar til Talinda som er meir eller mindre hjelpsame i hennar kvardag. Her kjem songar om alt frå å slutte med smokk, bærsje på potte, å ha eit hemmelig sted, å bli kvitt monstre under senga, dårleg matlyst, og å stå opp om morgenen. Kven veit, kanskje Talinda også klarer å hjelpe radioen litt etterkvart og? Kanskje til og med finne ut kor den høyrer heime?
Først publisert: 20. desember 2013, 00:02 - Sist oppdatert: 24. desember 2013, 16:54