Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ungane sluttar snart til jul, mens Dordi sluttar for godt

Elinor Bolme Måndag 16. desember 2013

I kveld var det tradisjonell juleavslutning ved Todalen Oppvekstsenter, i ordets rette forstand. Ungane hadde øva inn ein heil mengde med nummer som dei stolt viste fram for foreldere, søsken og besteforeldre. Her var det både tekstlesing, diktlesing, dramatisering og ikkje minst julesongar i alskens variantar, både på norsk, engelsk og belgisk. Også barnehagen fekk vist fram sitt glansnummer til stor applaus.

Ellers vart det gjort litt stas på Dordi Jorunn Halle, som no er inne i si ordinære arbeidsveke ved Todalen Skule. Frå 1. januar blir ho pensjonist, etter heile 40 samanhengande år ved Todalen skule. Rangna Kvendset gjorde velfortjent stas på ho, med eit gåvekort frå foreldreutvalget ved skulen, ellers kjem nok Surnadal kommune og gode kollegaer til å markere dette ved ei eiga tilsetning (red anm).

Sidan programmet muligens vart litt i    lengste laget for dei minste, gjekk dette på bekostning av den tradisjonelle juletregangen. Men som  alltid fekk dei plass til Syver sagar ved-songen som er eit must i Todalen.  Nissen hadde naturlegvis hadde sett av ein svipptur  til skulen denne kvelden, og hadde med pakkar til alle som tok sjansen på å stille seg attåt.

Under er ein mengde bilder frå kvelden. Alle bilder ElinorB

 

Publisert: 16. desember 2013, 23:17