Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

100 år med Sunndalshistorie mellom permane

Jon Olav Ørsal Onsdag 18. desember 2013

«Hundre år i Sunndal» er ei imponerande samling historie, der forfattarane har funne plass til både store og små hendingar i Sunndal dei siste hundre åra. Bokprosjektet har vore mykje omtala i media, og vi har sett at det har vore delte meiningar om korleis dette skulle gjerast. Når ein sit og blar i resultatet av diskusjonane, blir ein berre imponert. Interessant, lettlest og ein masse bilder. Unike bilder!

PEI-Anlegg-0001-Aktuell (2)

Sjølvsagt er det bruka mykje plass på den omfattande Aurautbyggjinga som starta i 1913 og som vart ferdig i 1956, med ein lang pause mellom 1919 og 1947. Sjølvsagt har også utbyggjinga av Sunndal Verk (Hydro) fått mykje plass, men du finn også mange mindre hendingar som har fått plass i boka, og som er med og krydrar innhaldet og fortel om kvardagslivet i Sunndal i heile perioden.

Ei lita artig sak er den korte verrapporten for kvart av dei hundre åra er. Her finn ein data for varmaste og kaldaste dag for kvart år, dato og mengde for største nedbørsdøgn. Dato for første snøfall og største snødybde er også med i denne presentasjone. Artig å sjå kor store variasjonar det kan være frå år til år.

Sunndalsboka_Oppslag_7418

På oppslaget side 227 står det om byggjinga av Fossheim, der Hallvard Hyldbakk leda arbeidet som byggmeister. Foto: Jon Olav Ørsal

Andre tema er Rattiti-epoken, Fluorsjokket som kom etter at verket starta på 50-talet og gyromarerittet i lakselva Driva.  Ein heil masse interessante tema gjennom heile boka, til ein rundar av med «Fjellrevprisen» som Anne Grete Røymo fikk i juli 2013 for satsinga si på fjellgarden Røymoen.

Hundre år i Sunndal_Forside

540 sider med interessant lokalhistorie. Foto: Sunndal kommune

Det er Tommy Fossum og Petter Erik Innvik som har ført boka i pennen, men dei har hatt god hjelp av ein stor redaksjonskomitè som har bestått av Ole Magne Ansnes, Jon Kr. Schnell, Ingrid Viseth, Kjell Ove Holsbøvåg og Per Atle Hansen. Kultursjef i Sunndal, Ole Magne Ansnes fortel, at dei har arrangert møter rundt i kretsane for å kome i kontakt med folk som kjenner historia og som har ytt bidrag med mykje verdifullt og unikt fotomateriale frå heile tidsepoken.

Det er Sunndal kommune som står attafor den store boksatsinga, og heile bokprosjektet har kosta nærare 2 mill. kroner. Det er lett å sjå at det er lagt ned ein stor innsats for å samle og redigere ein så stor mengde med historisk materiale. Når ein tenkjer på at alle årstal og anna opplysningar skal kvalitetssikres, så tek det tid. Det er bruka lokale lokale krefter i produksjon og trukking av boka. Layout og trykkjing er utført av Mediahuset og Åge Fossum som sentrale aktørar.

No er dei 4000 bøkene på veg ut til lesarane. I Surnadal kan du kjøpe boka hos Notabene bohandel i Amfi. I Sunndal er den til sals på fleire plassar; Notabene i Amfi, Sunndal rådhus, Joker Ålvundfjord, Coop Ålvundeid, Joker Sunndalsporten (Gjøra), Kammerset, Sunndal folkebibliotek. I tillegg hos Nesset folkebibliotek og Domus Oppdal.  For kr 500 kan du bli eigar av boka, og det er den jammen verdt!

 

Publisert: 18. desember 2013, 23:08