Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for desember, 2013

Vi fann 67 artiklar i dette arkivet.


Nyttårsbad i vårlege omgivelser

Elinor Bolme Tysdag 31. desember 2013

Tradisjon tru, så er det eit knippe isbadarentusiastar som opprettheld det som no må kunne seiast å vere ein tradisjon nyttårsaften. Da treffest dei for ei kjapp dukkert i todalsfjorden og prisar nytt år velkommen. I år er nok kanskje «isbading» å ta hardt i, da det var i overkant av 5 plussgrader i lufta.


Godt nyttår!

Jon Olav Ørsal Tysdag 31. desember 2013

I dag er det nyttårsgudsteneste i Todalen kyrkje kl 16.00. Denne gongen er det takkoffer til Kyrkjebladet.  Vi i redaksjonen vil samidig takke alle våre lesarar for eit år som har vore rikt på opplevingar. Takk til alle som har ytt bidrag med mange fine bilete og anna stoff, som har gjort at nettsida har hatt ei […]


At det går an å gjera slikt?

Jon Olav Ørsal Måndag 30. desember 2013

Det er Sven Olav Svinvik som seier det, når han peiker ned på 6-7 gamle vindu som ligg slengt mellom gammelvegen og sjøen i vika innafor kammen. Nokon har rett og slett stoppa og lempa ein heil palle med gamle vindu nedover skråninga mot sjøen. På eit par andre plassar var det også hiva fleire sekkar med søppel, som ein av dei andre grunneigarane i område har rydda bort i dag.


Snart er vi klare for nyttår…

Jon Olav Ørsal Måndag 30. desember 2013

Når rakettane kjem i butikkhyllene er det eit sikkert tegn på at vi nærmar oss nyttår med stormskritt. Det er ikkje noko unntak på Matkroken L.Hals, der det har vore eit bra rakettsalg i romjula, så det blir nok ei skikkeleg markering av nyttåret i Todalen.


5. Juledag: – pubkveld med JuleQuiz

Jon Olav Ørsal Sundag 29. desember 2013

5. juledag (29.12) inviterer vertskapet, Synnøve og Erling, til open pub på Pakkhuset frå kl 21:00 og utover.  Da kan du treffe både «innfødte» og utflytta todalingar til ein triveleg krokveld. Kl. 22:00 blir det JuleQuiz med premiering. Alle er velkomne!


Konsert for dei minste

Elinor Bolme Laurdag 28. desember 2013

Eirik Husby med gitar og historia «Talinda og Den Rare Radio» samla i overkant av 50 små og store på Pakkhuset Kro i ettermiddag. Historia handla om Talinda, på tre år som ein dag er ute i hagen og huskar og så blir ho treft av ein regndråpe frå himmelen.


«På kanten av…» for fullt hus

Jon Olav Ørsal Laurdag 28. desember 2013

Todalen Idrettslag trekte fullt hus med julerevyen «På kanten av..» 3.-dagskvelden. Tidlegare på dagen var det «før-premiere» med 60-70 publikumarar i salen. Under hovudforestillinga om kvelden var ungdomshuset fylt til siste stol, og fotballgruppa som var vertskap rekna med at det var mellom 170 og 180 innafor dørene. Julerevy har lange tradisjonar i Todalen, og dette var eit kalrt bevis på at disse tradisjonane blir ført vidare.


Rekord for romjulsmarsjen!

Jon Olav Ørsal Fredag 27. desember 2013

Det var nok det fine føret og varmegrader i lufta som gjorde att det vart rekorddeltaking på Romjulsmarsjen 2013. Det er nok første gong at over 160 deltakarar har delteke på romjulsmarsj, og TILs trimgruppe kom faktisk i knipe med sine 150 medaljer som dei var sikre på var nok. På vegen rundt bygda var det både Quiz-konkurranse, lotteri, tipping og ikkje minst servering av varm gløgg med tilbehør.


Posten SKAL frem, men kven er den til??

Elinor Bolme Fredag 27. desember 2013

Posten treng no hjelp frå muligens nokon i Todalen til å finne rett mottakar til ein av mange pakkar som enno ikkje har komme til rett mottakar til jul.


Revypremiere med futt i!

Jon Olav Ørsal Fredag 27. desember 2013

For nokre minutt sia var premieren for årets julerevy «På kanten av..» ferdig. Det var skukkelig futt i revyen, men samtidig var den lun og ikkje minst artig. Revygjengen starta med eit innslag med brørne Eirik og Jan Peter Husby, og fortsette med både innslag med eldreomsorg, nyttig og unyttig statistikk og eit artig nummer med utviklingen av kvinnekroppen. Etter pausen var det flere gode nummer. Mellom anna fikk vi fortsettinga på Nils Oves saga om Digre-slekta, og no var han komen fram til 2013 med forteljinga si.


Tregt nett

Elinor Bolme Fredag 27. desember 2013

Dei siste dagene har fleire opplevd dårleg hastighet/responstid mot internett fra Todalen. Dagleg leiar Håkon Solvik i Svorka Aksess beklager dette i ein epost til redaksjonen.


3. juledag – da er det mykje som skjer!

Jon Olav Ørsal Fredag 27. desember 2013

Fredag 27. desember er det mykje som skjer i Todalen I.L.’s regi. Først ut er Romjulsmarsjen, som har start i tidsrommet mellom kl 12.00 og 15.00. Det er no bart på vegane og dermed fint å ta runden rundt bygda til fots. Trimgruppa byr på gløgg, deltakarmedalje, Quiz og lotteri. Kanskje det blir deltakarrekord? Vidare utover dagen er det to forestillingar med revyen «på kanten av…».