Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Konsert for dei minste

Elinor Bolme Laurdag 28. desember 2013
Eirik Husby med gitar og historia  «Talinda og Den Rare Radio» samla i overkant av 50 små og store på Pakkhuset Kro i ettermiddag. Historia handla om Talinda, på tre år som ein dag er ute i hagen og huskar og så blir ho treft av ein regndråpe frå himmelen.  Den renn ned frå panna og ned til munnen, og ho slurpar den i seg. Den smakar mest vått, og litt salt. Så begynner ting å skje. Ho høyrer plutseleg musikk frå skogen bak huska. Ho går etter lyden, og finn ein radio i ei maurtue. Eirik fekk ungane med seg frå første tone, og responsen var bra frå dei mange unge frammøtte gjennom den nesten halvtimen forestillinga varte.
Etterpå var det gratis bevertning av kakao og pepparkaker til dei minste, og kaffe for dei største. Eirik fekk også akkompagnement frå far Gudmund på kontrabass undervegs, og dei avslutta med Alf Prøysens «Romjulsdrøm».
Under er nokre bilder frå konsertforestillinga. Alle foto ElinorB
Publisert: 28. desember 2013, 22:53