Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for februar, 2013

Vi fann 53 artiklar i dette arkivet.

Side 1 av 512345

Sonerennet og Nordmarksløpet søndag avlyst

Sonerennet og Nordmarksløpet søndag avlyst

Elinor Bolme Torsdag 28. februar 2013

Skigruppa har denne veka fulgt langtidsvarslet jevnt, sidan Todalen Idrettslag er oppsett som arrangør av sonerenn søndag den 3. mars. Leiar i skigruppa Jorid Haugen Ansnes varsla på formiddagen i dag om at rennet er avlyst grunna null skiføre, mykje is og vatn over alt. Dette er det tredje rennet i årets sesong så langt som er avlyst. Både Bæverfjord og Søya har også måtte kaste inn handuken grunna lite snø.

Les heile saka

Mykje nedbør i vente

Mykje nedbør i vente

Jon Olav Ørsal Onsdag 27. februar 2013

Torsdag er det både vind og nedbør i vente, med en del snø i indre og høgareliggande strok. YR.NO varslar vanskelege kjøretilhøve utover torsdag og fredag. Nedafor kan du lese tekstvarsel for dei komande dagane.

Les heile saka


Kortreist og fersk leveranse

Kortreist og fersk leveranse

Jon Olav Ørsal Onsdag 27. februar 2013

Frikk liker godt å fiske, og prøver fiskbettet rett som det er. Helst blir det i sjøen, der han fiskar både frå båt og frå land, men i vinter har det vore krontid med sjøis heile vinteren. Han fortel at det er lett å kome utpå isen i småbåthamna, og den største utfordringa er nok å få hol på isen. Sprengkulde i månadsvis har gjort at isen er både hard og tjukk, og det tek nok tid å kome gjennom nærare 40 cm sjøis. Men ofte kan ein nytta gamle hol, der isen ikkje er så tjukk.

Les heile saka

«Surnadalsrussen ut tå kurs»

«Surnadalsrussen ut tå kurs»

Elinor Bolme Tirsdag 26. februar 2013

Russ-13 er no i full gang med sine 4 forestillingar av sin russerevy » Ute av kurs». Både Ttollheimsporten og Tidens Krav har gjeve årets avgangselevar ved Surnadal vidaregåande skule gode kriterier. I følge revysjefane Edvard Bele Sæterbø og Sondre Ormset er ikkje dette ein tradisjonell revy fullspekka med songnummer og harselering med lærararane på skulen. Les kva Trollheimsporten skriv etter å ha sett generalprøven: På stø kurs!

Les heile saka

Fotterapi

Fotterapi

Elinor Bolme Tirsdag 26. februar 2013

Da er det klart for en ny runde med fotterapi melder Todalen Sanitetsforening. Denne gongen er desse datoane sett opp: måndag 11. mars, tysdag 12. mars og torsdag 14. mars. Det er fotterapaut Olaug Bergheim Aspill som tek turen innover til Sanitetshuset.

Les heile saka

Frustrert på vegvedlikehaldet

Frustrert på vegvedlikehaldet

Jon Olav Ørsal Søndag 24. februar 2013

I dag hadde vi ein frustrert Terje Nordvik på tråden. Det var vegvedlikehaldet som var tema, og han beretta at det var 15 cm djupe hol i vegen på Todalsøra. Vart nærast beordra til å kome på Todalsøra for å sjå, og ffor å ta bilde av elendigheita. Og jammen var det skikkelege grufser på FV 761 ved Todalsøra.

Les heile saka

Flott dag på heimebane

Flott dag på heimebane

Jon Olav Ørsal Lørdag 23. februar 2013

Laurdag vart ein fantastisk fin dag, med temperatur rundt null, samtidig som sola kika fram gjennom det lette skydekket. Sjølv om det var stor aktivitet med ski-VM på Tv er det snok mange som har nytta dagen til ymgse uteaktivitetar. I Brusetnesset var det full aktivitet med motorsaga i tunet, det eit stort morelltre og fleire grantre vart lagt til marka.

Les heile saka

Vinterferie: Lech vs Todalen

Vinterferie: Lech vs Todalen

Jon Olav Ørsal Fredag 22. februar 2013

Vi er i innspurten på årets vinterferie, og har ved et par anledninger vist bilder fra Todalsfjella hvor det har vært gnistrende skiføre som mange har gjort seg nytte av. Fra Heidi M. Petersen har vi fått et bilde fra Alpene, der en gjeng todalinger er på skiferie i Lech. I en e-post til Todalen.no skriver […]


Studentlekene 2013 på Kårvatn

Studentlekene 2013 på Kårvatn

Jon Olav Ørsal Torsdag 21. februar 2013

Det skjer denne helga, da NTNUI Ski og Fjellsport og NTNUI Telemark/Alpint inviterer likesinnede fra hele landet til si skihelg i Surnadal og på Kårvatn. Da blir det arrangert konkurranser i skibestigning/topptur, chinese downhill/fjelltelemark, parallelltelemark og parallellslalom. Studentene kommer allerede i dag, og blir her til søndag. Fredag er det aktiviter i Sæterlia og området omkring, mens det lørdag skjer på Kårvatn og i lia opp mot Dalasetra og Tydalsnebba.

Les heile saka

Årets SøyaCup blir 24. august

Årets SøyaCup blir 24. august

Jon Olav Ørsal Onsdag 20. februar 2013

Årets SøyaCup blir arrangert laurdag 24. august på Søyabanen, skriv I.L. Søya på nettsida si. Det er ikkje så mykje informasjon som er tilgjengeleg enno, men det er alt no klar at det blir tradisjonelle deltakarklassar under cupen. Det vil seie J08, G08, J10, G10, J12 og G12. I løpet av våren blir det sent ut invitasjon og informasjon om påmelding.

Les heile saka

Vinterferie – fint skiføre i fjellet

Vinterferie – fint skiføre i fjellet

Jon Olav Ørsal Onsdag 20. februar 2013

Todalen idrettslag held løypene opne fra Innerdalsmerket til Skihytta via Tristeinan, og frå Øyalia til Skihytta. Løypene er kjøres opp med snøskuter, og Arnt Ivar Brøndbo rapporterer kjempefint skiføre i høgda. Frå Jon Bruset har vi fått nokre flotte bilde frå tysdagens skitur i området, og han skriv i ein e-post til Todalen.no at det er ingen grunn til å sitte heime når det er så fint i vêr og føre i fjellet.

Les heile saka

Side 1 av 512345