Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for februar, 2013

Vi fann 53 artiklar i dette arkivet.



Hanne Heggset vart norgesmeister

Hanne Heggset vart norgesmeister

Elinor Bolme Sundag 3. februar 2013

Hanne Heggset, Surnadal vart norgesmester i parallell-slalåm under dagens renn i Vardåsen i Asker, og la dermed inn enin knallsterk søknad til eit VM uttak. Emil Haugen Ansnes vann kvartfinalerennet sitt, men vart desverre diskvalifsert grunna litt for mykje feilkjøring. Erika Kårvatn Moen hadde eit fall i dagens konkurranse og kom seg dermed ikkje vidare.

Les heile saka

God innsats i NM i telemark

God innsats i NM i telemark

Elinor Bolme Laurdag 2. februar 2013

I helga stiller tre lokale utøvere på NM i telemark i Vardåsen, Asker. Etter dagens renn er stemninga god i Surnadalsleiren, der Emil Haugen Ansnes, Todalen IL kom på 5. plass i sin klasse. Erika Kårvatn som kjøyrer for ØSIL kom på 4. plass i sin klasse og medan Hanne Heggset, Surnadal tok 2. plassen. Dette i følge skiforbundet sine nettsider. Dagens renn var klassisk stil i to omgangar, der det ikkje berre gjeld å ha best tid, men også å ha rett teknikk nedover løypa.

Les heile saka

Så kom regnet…

Så kom regnet…

Jon Olav Ørsal Laurdag 2. februar 2013

Etter ein lang kuldeperiode, slo det i natt om til mildvær og regn. Og med regnværet vart det nye utfordringar, med tette stikkrenner og vatn på mange plassar det det ikkje skal være vatn. Det er no lurt å ta en runde og kontrollere om vatnet renn dit det skal, og ikkje inn i kjellarar og garasjer. Utover ettermiddagen og kvelden går det igjen over til nø, og til natta blir det atter kuldegrader.

Les heile saka

Filmsuksess!

Filmsuksess!

Elinor Bolme Fredag 1. februar 2013

I går kveld var kvelden då heimesjukepleien tok med sine brukarar på den tidlegare omtala kinokvelden på Surnadal Kulturhus. Og i følge av både Trollheimsporten, Driva og Tidens Krav vart dette å rekna som ein stor suksess. Nokon av dei dei 40 frammøtte var på Kulturhuset for aller første gong. Og som vi kan lesa frå alle reportasjar, var det frammøtte frå Todalen og. Lisbet og Olina Halle kosa seg i lag med resten av gjengen som fek ein uforglømmeleg kveld i lag med damene i heimesjukepleien.

Les heile saka