Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for februar, 2013

Vi fann 53 artiklar i dette arkivet.


Kaldt, men mildvêr i vente…

Kaldt, men mildvêr i vente…

Jon Olav Ørsal Onsdag 13. februar 2013

I går var det på dagen 19 år sia «kulde-OL» i Lillehammer starta, skriv Jon Bruset i ein e-post til redaksjonen. «Februar i 1994 vart ein av dei kaldaste i manns minne også her lokalt. Her på Småhjellan vart det målt kaldare enn -10 grader i 20 døgn i februar dette året. Mellom 4.februar og 2.mars i 1994 var temperaturen over 0 grader i kun 1 døgn !

Les heile saka

Granhekken møtte overmakta

Granhekken møtte overmakta

Jon Olav Ørsal Onsdag 13. februar 2013

I dag måtte granhekken i krysset mellom FV671 og Myrjarvegen på Kvennset til pers. Det har lenge vore planlagt at denne trafikkfella ved den kommunale vegen og fylkesvegen skulle felles for å auke trafikktryggleiken i krysset. Det skjedde i regi av Skog-kompaniet, men med Ola Bruset frå Surnadal kommune med motorsag og Inge Dønheim frå Dønheim Transport med lastebil.

Les heile saka

Kunstnarspire i Rosenes by

Kunstnarspire i Rosenes by

Elinor Bolme Onsdag 13. februar 2013

Årets første blogginnlegg kjem frå Ida Talgø Roaldset som på 3. året held til i Molde der ho går på vidaregåande skule, med formgivningsfag som fordjupning. Om all tida går med til studering skal være usagt, men mykje av tida går med til studering. Velbekomme!

Les heile saka

Same procedure as every year

Same procedure as every year

Jon Olav Ørsal Tysdag 12. februar 2013

Hovudretten var i allfall den same som i fjor, og i forfjor og året før. Og den er det ingen grunn til å forandre, for «kjøtt og påsse» er så absolutt på pallplass når det er snakk om lokal god mattradisjon. Og i år, som i fjor og året før var underteikna så heldig å bli invitert til feiring av feittysdag på Vestrum, med Karen Johanne og Svein Talgø ved grytene. På menyen var det ertesuppe til forrett, kjøtt og påsse til hovudrett og Créme Brûlée til dessert.

Les heile saka

Jostu er digitalisert!

Jostu er digitalisert!

Jon Olav Ørsal Måndag 11. februar 2013

Endeleg er den digitale revolusjon nådd til Jostua. Jon Bjarne og Liv Ingrid har lenge vore i tankeboksen og lurt på om dei skal kjøpe seg PC. Løysinga vart nok 70-årsjubileet, for da dukka det opp ein kartong der det stod ACER på sia. Det var bursdagshelsinga frå juniorane som bor i Oslo, og innhaldet var ein splitter ny og moderne PC med Windows 8 installert. Dermed hadde dei fått eit dytt i ryggen, og da var ikkje vegen så lang for å kontakte Svorka Aksess for å få installert breiband.

Les heile saka

Onsdag: Kjøtt og påsse på eldremiddagen!

Onsdag: Kjøtt og påsse på eldremiddagen!

Jon Olav Ørsal Måndag 11. februar 2013

Eldremiddagen markerer feittysdagen førstkomande onsdag. Da er det sjølvsagt «kjøtt og påsse» med tilbehør på menyen, melder Reidun Østvik. Dei startar som vanleg kl 13.00, og etter middagen er det som vanleg kaffe og kaker i triveleg lag. Eldremiddagen ønskjer både gamle og nye medlemar velkomne til Sanitetshuset.


Stem på månadens bilete for januar

Stem på månadens bilete for januar

Ole Petter Talgø Måndag 11. februar 2013

Vi er godt i gang med siste vintermånad, og det betyr at det er tid for å finne den første vinnaren av månadens bilete for 2013. Vi har fått inn en mange fine bidrag til dagens bilete så langt i år, så konkurransen er stor.

Les heile saka

Historisk ettermiddagsstund…..

Historisk ettermiddagsstund…..

Jon Olav Ørsal Sundag 10. februar 2013

Det vart bokstaveleg fortalt ei historisk ettermiddagssstund, da historielaget inviterte til ettermiddagskaffe i Ungdomshuset søndag. Eit førtitals historieinteresserte personar var møtt fram for å ta del i arrangementet til Todalen historielag. Denne søndagsettermiddagen kunne dei by på ei unik utstilling av utskårne storfe og hestar etter Kristoffer Gjeldnes. I tillegg var det historiske videoglimt, som Svein Åge Saksen hadde filma på nittitalet og først på 2000-talet.

Les heile saka

Norges mest bortgjemte butikk…

Norges mest bortgjemte butikk…

Jon Olav Ørsal Laurdag 9. februar 2013

«Der den smale grusveien slutter, ved foten av Trollheimen, en mil fra sentrum i Todalen med 350 innbyggere, 13 mil fra Kristiansund og 16 mil fra Trondheim ligger Kårvatn Fjellutstyr AS. En populær sportsbutikk for folk som vil ha ordentlig fjellutstyr, distributør av kjente merkevarer og offisiell leverandør til Norges skiforbund Randonee.» Det er Ingrid Kvande som skriv dette i teksta for omtalen av Kårvatn Fjellutstyr på heimesida til Destinasjon Kristiansund og Nordmøre.

Les heile saka

Eit ris for eit betre liv…..

Eit ris for eit betre liv…..

Jon Olav Ørsal Laurdag 9. februar 2013

Fredag og laurdag aksjonerte medlemane i Todalen sanitetsforening med salg av fastelavnsris. Det er ein årviss «happening» at dei lagar bukettar med fastelavnris, som dei pyntar med fargesprakande fjer, som dei så sel til inntekt for sanitetsarbeidet . I år hadde dei altså gjort ein vri og laga stand ved Matkroken L. Hals. Da dei starta laurdag morgon var det rundt 15 kuldegrader, og da hadde dei laga bålplass, og serverte nystekte bollar og varm kakao til dei som kom på handlerunde.

Les heile saka

Søndag kl 11: Gudsteneste i Todalen kyrkje

Søndag kl 11: Gudsteneste i Todalen kyrkje

Jon Olav Ørsal Laurdag 9. februar 2013

Søndag 10. februra kl 11 er det gudsteneste i Todalen kyrkje. Det er sokneprest Bernt Venås som forrettar.  Takkoffer til Nordmisjonen.  Velkomen!


DNT- anbefaler topptur til Tydalsnebba

DNT- anbefaler topptur til Tydalsnebba

Jon Olav Ørsal Fredag 8. februar 2013

I årets første nummer av DNTs medlemsblad «Fjell og Vidde» har dei ein omtale av 5 anbefalte toppturar. Ein av disse er turen til Tydalsnebba (1274 m.o.h.), med start frå Kårvatn. Dei skriov at turen tek 5 timar, og at toppturski er å anbefale på denne turen. Her er det 1060 meter nedkjøring, som blir krona med ei avslutning ned «norges beste li», med spredt, gamal furuskog og artik kupert terreng. Du kan laste ned den omtalte sida som JPG her.

Les heile saka