Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Årets SøyaCup blir 24. august

Årets SøyaCup blir 24. august

Jon Olav Ørsal Onsdag 20. februar 2013

Årets SøyaCup blir arrangert laurdag 24. august på Søyabanen, skriv I.L. Søya på nettsida si. Det er ikkje så mykje informasjon som er tilgjengeleg enno, men det er alt no klar at det blir tradisjonelle deltakarklassar under cupen. Det vil seie J08, G08, J10, G10, J12 og G12.  I løpet av våren blir det sent ut invitasjon og informasjon om påmelding.

Søyacupen samlar mykje fotballfolk, og i fjor var det 60 lag i aksjon og spela rundt 90 kampar i løpet av ein lang fotballdag. Rundt 600 deltakarar var på banen, og det vart rekna med at rundt 1500 besøkte Søyabanen på denne største fotballturneringa som har vore arrangert i kommunen.  Og i år blir det kanskje rekord, dersom vêrgudane samarbeider.

Publisert: 20. februar 2013, 23:17