Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Kortreist og fersk leveranse

Kortreist og fersk leveranse

Jon Olav Ørsal Onsdag 27. februar 2013

Frikk Hauglann Talgø liker godt å fiske, og prøver fiskbettet i sjøen rett som det er.  Han fiskar både frå båt og frå land, men i vinter har det vore sjøis og krontid heile vinteren. Han fortel at det er lett å kome utpå isen i småbåthamna, og den største utfordringa er nok å få hol på isen.  Sprengkulde i månadsvis har gjort at isen er både hard og tjukk, og det tek nok tid å kome gjennom nærare 40 cm sjøis. Men ofte kan ein nytta gamle hol, der isen ikkje er så tjukk og det er lettare å kome gjennom for å få nedi pilk og snøre.

Det har kanskje ikkje vore dei heilt store fangstane i vinter, men har du tolmod så er det berre utruleg som ein får fisken til å bite på kroken. Og Frikk har godt tolmod til å få fisken på kroken, og mange er nok dei som har fått nyte godt av fangstane hans no på etterjulsvinteren. Vi plasserte ei bestilling hos Frikk på måndag kveld, og alt tirsdag kveld var han på tråden, for å høre om det var høveleg tid for å levere fangsten.  To nytrekte torskar på eit par kilo kvar vart fangsten denne dagen, og da var det berre å sette igang og førebu onsdagens middag med å filetere og salte på litt.

«Prima vare, sekunda ikke» – var det ikkje det som var slagordet til kremmaren Bør Børson?

Publisert: 27. februar 2013, 19:50