Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for desember, 2012

Vi fann 59 artiklar i dette arkivet.

Side 5 av 512345

Tunnelen  delvis  stengt

Tunnelen delvis stengt

Elinor Bolme Torsdag 6. desember 2012

Betongrenovering As melder til todalen.no i dag at Svinviktunnelen vil bli delvis stengt i morgon fredag, måndag og tysdag frå 8.00 til 18.00. Perioden kan bli kortare om arbeidet går radigt, dette vil bli orientert om undervegs. Anton Brusethaug seier at tunnellen vil bli stengt opp i mot ein time i gongen, men dette vil […]

Les heile saka

Historielaget  etterlyser  bilder…

Historielaget etterlyser bilder…

Jon Olav Ørsal Onsdag 5. desember 2012

Todalen Historielag har alt starta arbeidet med årsskriftet for neste år. Eit tema som vik bli i fokus i neste årsskrift er gamle kjørty, – bilar, traktorar og motorsyklar. Historielaget vil i samband med dette etterlyse gamle bilete av slike kjørety frå Todalen, som vi kan skanne og bruke i årsskriftet.

Les heile saka

Meir  kaldvêr  i  vente

Meir kaldvêr i vente

Jon Olav Ørsal Måndag 3. desember 2012

Etter langtidsvarselet på yr.no blir det kaldvêr heile veka, og langt uti neste veke. Etter meldingane blir det kaldast torsdag, da det meldes om -12 grader. Det har og vore kaldt i helga, med temperaturar rundt -10 til -12 grader. Natt til måndag var det minimumstemperatur på -12,9 grader på Skogly, og dermed den kaldaste natta hittil i vinter. Men den rekorden står kanskje for fall i løpet av veka.

Les heile saka

Takk  til  hjelpsame  todalingar

Takk til hjelpsame todalingar

Bernt Bøe Måndag 3. desember 2012

Kva gjer ein frossen organist når bilen punkterer i tidsklemma mellom to lysmesser ein desemberkveld? Søndag vart eg skikkeleg opprådd. Men uhellet skjedde heldigvis attmed julegrantenninga i Todalen, og der er hjelp og omtanke aldri langt unna.  Ola Einar, Knut og fleire sprang seg til, jekka, skruva – og på eit blunk var reservehjulet på […]

Les heile saka

Rassikring  ved  Svinviktunnelen

Rassikring ved Svinviktunnelen

Jon Olav Ørsal Måndag 3. desember 2012

Heilt sia Svinviktunnelen vart bygd i 2002 har det vore problem med stein og lausmasse som har kome ned i vegbanen frå skjæringa på oversida av vegen. Det har tidlegare vore gjort minst 2 iherdig forsøk på å ordne opp i dette, utan at det har lykkast. I haust har det ved fleire høve vore stein i kjørebanen, men det har enno ikkje skjedd noko skade på bilar eller trafikkantar så lagt vi kjenner til. Da vi hadde ei åtvaring på Todalen.no den 19. november vart det imidlertid fart på sakene, og Statens vegvesen sette prioritering på saka etter påtrykk via Surnadal kommune.

Les heile saka

Vegnamn  på  Nordvik

Vegnamn på Nordvik

Oddvar Mikkelsen/Nordvik grendalag Måndag 3. desember 2012

For å få innsspel frå flest mogleg har Nordvik grendalag avtalt med namnenemda å arrangere eit grendamøte i Nordvik Forsamlingshus måndag 10. desember kl 19.30. Møtet blir ope for alle interesserte, også utanfor Nordvik. Nordvik grendalag er også interesserte i innspel utover namn på dei fire vegane og fire hyttefelta som er vist på kartet. Mellom anna moglegheit for bruk av gards/bruksnamn som mellomadresse. Om Todalsvegen er det beste namnet på vegen gjennom Nordvikgarden er og eit aktuelt tema å få fram folks meining om.

Les heile saka

Lysmesse  og  nytt  kyrkjeår

Lysmesse og nytt kyrkjeår

Elinor Bolme Sundag 2. desember 2012

Årets konfirmantar hadde forberdt seg godt til dagens lysmesse då dei saman med sokneråd og prest Dag Øivind Østereng ringte inn til nytt kjyrkjeår og lysmesse på 1. søndag i advent. Her var det stilfull inngangsprosesjon saman med dagens dåpsbarn, foreldre og prest, etterfulgt av lystenning og bokutdelinger.

Les heile saka

Julegrana  tent

Julegrana tent

Elinor Bolme Sundag 2. desember 2012

Plan- og tiltaksutvalget i Todalen hadde rigga seg til med gløgg, pepparkaker og twist til den årlege julegrantenninga utanfor Matkroken på ettermiddagen i dag. Det var mange frammøtte til tross for at gradestokken viste rundt 10 minusgrader.

Les heile saka

Forsmak  på  vinterkulda

Forsmak på vinterkulda

Jon Olav Ørsal Sundag 2. desember 2012

I helga har vi fått ein skikkeleg forsmak på vinteren. Natt til søndag kraup kvikksølvet under 10, og vi registrete minimumstemperatur i løpet av natt på – 11,9 grader. I skrivande stund på ettermiddagen er det berr -9,1, medan prognose for komande natt er 11 grader eller kanskje enda kaldere. Ein liten rund rundt bygda […]

Les heile saka

Familietreff  med  gløgg  og  julestemning

Familietreff med gløgg og julestemning

Jon Olav Ørsal Sundag 2. desember 2012

Søndag var det nytt uformelt familietreff i Skulstuåa, der dei feira første søndag i advent med gløgg og mykje gode julekaker. med smått og stort var det eit 20-tals frammøtte, som kosa seg i kvarandres selskap gjennom eit par føremiddagstimar denne kalde desemberdagen. Gradestokken viste nemleg rundt 10 grader, og minimumstemperaturen i natt var heilt nede i -12 grader.

Les heile saka

Konfirmantane  lagar  lysmesse

Konfirmantane lagar lysmesse

Bernt G. Bøe Laurdag 1. desember 2012

Lysmesser i adventstida er ein fin tradisjon. Søndag helsar konfirmantar og andre det nye kyrkjeåret velkome i Todalen og Stangvik. Torsdag var todals- og stangvikkonfirmantane samla til øving i Todalen kyrkje. Dei har mange tenesteoppgåver gjennom store deler av gudstenesta – litt ulikt i dei to kyrkjene. Vi kan røpe litt av søndagens program.

Les heile saka

Side 5 av 512345