Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for desember, 2012

Vi fann 59 artiklar i dette arkivet.


Ein aktiv kar i Volda

Ein aktiv kar i Volda

Elinor Bolme Måndag 17. desember 2012

Då er nok eit blogginnlegg klart for publisering. Denne gongen med ein mengde bilder som gjenspeiler bloggarens aktive kvardag, mest utomhus ser det ut til. Ein kvardag som kan ta pusten av dei mest alminnelege av oss kanskje?

Les heile saka

Stemningsfull songstund i kyrkja

Stemningsfull songstund i kyrkja

Jon Olav Ørsal Sundag 16. desember 2012

Du måtte vera standhaftig dersom julesteminga ikkje skulle siga innpå deg da Todalskoret og Åsskard kyrkjekor inviterte oss til å være med og synge jula inn. Det var eit stort femtital med tilhøyrarar i kyrkja denne førjulssøndagen, men det kunne godt vært fleire. For dette var korsong og musikk av beste slag, og ros til primus motor Bernt Bøe som har trkt i trådane og fått til desse konsertane. For etter konserten i Todalen reiste dei til Åsskard kyrkje for å kjøre same programmet der. I tillegg var det konsert med litt anna program og litt anna mannskap i Stangvik kyrkje i går kveld med «Tonar julenatt».

Les heile saka

Boka om Jon Leirfall – forfattaren signerer

Boka om Jon Leirfall – forfattaren signerer

Jon Olav Ørsal Laurdag 15. desember 2012

Måndag 17. desember vil forfattaren og historikaren, Kjell Håve, vere på Hals-bua for å signere boka han har skrive om bonden, stortingsrepresentanten og forfattaren, Jon Leirfall. Biografien, eller skal ein seie historieboka, «Heller storm enn stille», er boka kong Harald siterte frå under slottsmiddagen for stortinget no i haust. Det blir og sagt at kongen har lese to bøker no i haust, det skal vere boka om Sonja og boka til Kjell Håve.

Les heile saka

Tid for julenek

Tid for julenek

Jon Olav Ørsal Laurdag 15. desember 2012

Vil du gjera litt stas på småfuglane, så kan du ta turen til Matkroken L. Hals i dag. Utenfor butikken sit nemleg Emma og marit Ingeborg i den kalde vinden og selger julenek for Start 4H. Eit julenek kostar kr 100, og inneheld mykje god fuglemat. Dersom du ikkje har høve til å ta turen til butikken, […]


NM Randonee – invitasjon klar!

NM Randonee – invitasjon klar!

Jon Olav Ørsal Laurdag 15. desember 2012

Straks over nyttår, nærare bestemt 12. – 13. januar, inviterer Todalen Idrettslag til norgesmeisterskap i Randonee. Det skjer på Kårvatn i Todalen, der løpena går frå toppen av Tydalsnebba og ned til Kårvatn. Det er alt kome ein god del snø, og forholda ligg alt no godt til rette for eit vellukka arrangement. Todalen Idrettslag har lang erfaring med slike arrangement, da Kårvatn og Todalen stått i sentrum for både NorgesCup og VM/EM uttaking i ei årrekkje.

Les heile saka

«Vassækte jul» – laurdag startar billettsalget

«Vassækte jul» – laurdag startar billettsalget

Jon Olav Ørsal Fredag 14. desember 2012

Laurdag 15. desember startar billettsalget for julerevyen i Todalen ungdomshus 3. juledag. Det er Todalen Idrettslag som er arrangør, og laget fører dermed lange tradisjonar med julerevy vidare. I år er dei forøvrig attende til hovudscena med ekte revyframføring, etter nokre år med julekabaret som har vore framførst som eit slags serveringsteater. – Det er no godt å være tilbake på hovudscena med ekte revyframføring på programmet, seier Borghild Talgø som er ledar i fotballgruppa og festsjef.

Les heile saka

Mykje song og musikk i helga

Mykje song og musikk i helga

Jon Olav Ørsal Fredag 14. desember 2012

Denne helga står i songen og musikkens teikn. Det startar i Stangvik kyrkje laurdag kveld med «Tonar Julenatt», og fortsett i Todalen kyrkje søndag ettermiddag med «I denne søte juletid». I sin introdusjon til konserten i stangvik kyrkje skriv Bernt Bøe «Det blir ein litt «annleis» konsert med julemusikk i Stangvik kyrkje laurdag 15. desember. Ei stor veke før sjølve julenatta får vi oppleve eit program inspirert av stjernehimmelen over Betlehemsmarkene – i tråd med tittelen. Difor er konserten også lagt til sein kveldstid: 21.00. Da er ståket stilna, og tonane kan stemme sinn og tankar inn mot adventshelg og høgtidsro.

Les heile saka

Skulen feira Luciadagen

Skulen feira Luciadagen

Jon Olav Ørsal Torsdag 13. desember 2012

Torsdag var det Lucia-dagen, og det har nok vore markert mange plassar. Slik også i Todalen oppvekstsenter, der 2. klassen gjekk Lucia med lys og stjernegutar og song for alle klassane og rektor på skulen.

Les heile saka

Adventtreff på Stangvik aldersheim

Adventtreff på Stangvik aldersheim

Borghild B. Talgø Onsdag 12. desember 2012

Adventstreff på Stangvik Aldersheim denne veka. Pårørande og gjester frå kommunen og legesenteret var inviterte og på plass. Flotte ungar frå Stangvik; Oda, Johanne, Mette, Trym og Håkon, song, dansa og kosa seg i lag med oss. Vårt kjære husorkester, Guri og Lars frå Vang, gledde oss med tonar til julesongane og fleire lydarslåttar.

Les heile saka

Storsatsing på royalproduksjon for Talgø

Storsatsing på royalproduksjon for Talgø

Jon Olav Ørsal Tysdag 11. desember 2012

Salget av royalbehandla furuprodukt har teke av skikkeleg for Talgøselskapet MøreTre. MøreRoyal har vorte eit merkenamn som blir lagt merke til og som alle kjenner til som driv med byggeverksemd. På eit par år er salget fleirdobla, og no investerer Talgø nærare 40 millionar i nytt bygg og nytt produksjonsutstyr. Tysdag kom båten til Surnadal hamn med rundt 200 tonn med utstyr til det nye royalanlegget.

Les heile saka

Tunnelen fortsatt delvis stengt

Tunnelen fortsatt delvis stengt

Elinor Bolme Tysdag 11. desember 2012

Betongservice AS melder i kveld om at dei må halde delvis stengt i Svinviktunnelen også i morgon onsdag og torsdag mellom klokka 08-16 grunna litt forsinkelsar i renoveringsarbeidet rundt tunnelåpninga. Tunnelen vil bli stengt opp i mot ein time i gongen, men dette vil bli tydeleg merka før tunnelen på begge sider. Bussane vil få […]


Julekantate i Todalen kyrkje

Julekantate i Todalen kyrkje

Jon Olav Ørsal Tysdag 11. desember 2012

Søndag 16. desember kl 15.00 inviterer Todalskoret til julekantate i Todalen kyrkje. Den har dei kalla «I denne søte Juletid», og den er eit samarbeid mellom Todalskoret, Åsskard kyrkjekor og BareBarokkBandet. Der blir det altså kantate, julesongar og det blir rikeleg høve til å ta del i allsongen.

Les heile saka