Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Ein aktiv kar i Volda

Ein aktiv kar i Volda

Elinor Bolme Måndag 17. desember 2012

Hvem er du, hvor bor du, hva gjør du til daglig og hvorfor flyttet du?

Eg heiter Jan Vidar, er 20 år og studerer for tida Friluftsliv ved Høgskulen i Volda. Der eg bur i studentheimen Porse. Kvardagen som student er ingen kvardag, og i allefall ikkje når man studera noko så lite strukturert som friluftsliv. Men ei veke kan starte med tur på måndag til torsdag og ein gjennomgang av veka på fredag. Eller den kan vere slik som sist veke ; foredrag med Nils Faarlund, norsk historie i naturvern og miljø. Saman med friluftsliv-pedagogikk , som utgjer den noko mindre ute baserte undervisninga vår. Vegleiarane på skulen er sympatiske og det er sjeldan vi er på skulen lengre enn til kl 12. Dette gjev utmerka moglegheita til å raske med seg ski og sekk og køyra inn i Alpane på ski. Eller å kaste tau og sele på rygg, og stryke til fjells! Når eg bestemte meg for å skulle studera friluftsliv var vala for kvar i landet eg skulle studera mange. Men sidan eg sett pris på både ski og klatring, og ikkje er vidare skremt av sjø og fjord, snevra vala seg inn til Sogndal og Volda. Sidan eg allereie har hatt eit år i Sogndal på folkehøgskulen der, falt valet på Volda. Volda legg i grei nærleik til Sunnmørsalpane, og har eit aktivt klatremiljø. Så det er meir enn nokk alpine gleder her å fryda seg over! Det kan heller ikkje gå uskrive at Volda har eit særs godt uteliv sentrumsnært også !

Telemarksving i Oktoberpudder!

Beskriv hvordan en vanlig dag ser ut for deg!

Står opp noko før 8, og slenger i veg ein 6-dobbel espresso saman med ein tv-serie og aftenposten. Møter på skolen rundt 09,00. der vi har forelesning eller «Ferdaråd» til omtrent 12.00. Så har vi som er dei mest ihuga elevane eit mini-ferdaråd før vi spring kvar til vårt og hentar ski og sekk, derav endar vi på fjellet! Bilane rullar sjeldan inn i Volda igjen før lyset har svunne. Er det riktige dagen så er det ein tur igjennom dusjen, kjapp middag. Også ut på ein anna type liv ! 😉

Hvor ofte er du hjemme i Todalen, og når kommer vi til å se deg i Todalen igjen?

Tja, til nå har det vert heimreise for å delta på jakt ved Halla & Husby jaktlag! Det er jo sjølvsagt ein del aktivitet i Volda på helg som er sers attraktiv! Men ein tur heim til kaka henna mor bli det fort! Er nok heller ikkje fritt for at det blir med ein skalk attat til Volda hell da 😉 Blir ein gong i den her  leia, men så bli det ikkje igjen før eksamen bli levert til jul!

Porse. Aka: Sodoma

Kveldstime med kaffe og debatt!

Hva viser du først frem av Todalen til venner som kommer på besøk til bygda for første gang?

Vanligvis kjører eg turen kring gamlevegen og påpeka at det er klatrefelta vår. Men for dei som ikkje let seg fasinere så djupt og grenselaust av norsk gneis, tek eg kanskje med meg innover dalen til Kårvatn på handel eller ski-køyring. Om ikkje de bit på, så bli det ein tur til Pakkhuset! Må vel legge til at sist gong eg hadde med folk til dalen, så blei vegen over til Innerdalen via Bjøråskaret det fyrste eg syna dei, og det er vel heller ikkje feil!

Jørgen H. Myr. På veg til å klora seg opp ei rute i Daniels Kjeller

Kommer du til å flytte til Todalen igjen?

Kanskje, akkurat no er ikkje plan lagt så langt fram i tid. Men bli de moglegheit fer å få arbeidsplass så ska man ikkje sjå bort i frå det. For Todalen er og bli ein av dei likaste plassane!

Er det noe spesielt du ikke klarer deg uten?

Kaffe,  Må også innrømme at eg får tendensar til klaus og lopper i rævva, kvalme, nervøse utbrudd, kaldsveitte,bli kortpusta ukontrolerte skjelvingar og tendenser til grå stær! Om eg ikkje kjem meg ut og får snø under skia, eller tau ikring livet! Eg klarar meg godt om eg får ein tur med fiskestonga eller hagla, og kanskje ein kaffi?

Hvordan holder dialekten din seg som utflytta Todaling? Kanskje du har et eksempel på en vanlig dialektmisforståelse?

I kvardagen min snakkar eg mykje engelsk, 7 av 10 her kjem frå ein annan stad enn Skandinavia. Men følar eg gjer meg likare forstått på engelsk enn på norsk! Er heldigvis ein del sunnmøring her, så dei klarar godt å halde greie på annakvart ord! Har prøvd med med «kjøle hettj», reaksjon va som forventa!

Ein stad i rommådalen

Hvordan vil du sammenligne Todalen med det stedet du bor nå? Noen store savn?

Det er fjell, det er fjord. Saknar nærleiken til fjella, sidan det krevje bil for å komma inn til fjella. Volda er vesentleg større, omtrent 8000 fastbuande og 3000 studentar, men er ganske desentralisert så ikkje akkurat nokon storbyføling.

Hvor ofte er du innom Todalen.no?

Ofte, eller. Ein gong i blant. Nokre gonger er eg inne og ser. Men ikkje serlig lenge, eller? Det hender med uregelmessige regelmessige besøksmønster. Nokre gonger får eg tilsendt ei lenkje med noko relevant, eller noko som er så herleg u-relevant at eg ikkje heilt veit kva eg skal tru. Men syns det er eit godt føretak!

Og til slutt… Hvem utfordrer du som neste ”Utflytta Todaling”?

Da gir eg utfordringa til min gode venninde Ida Talgø Roaldset i Molde!

foto: Kristian S. H. Nærleiken til Fingeren

Først publisert: 17. desember 2012, 07:00 - Sist oppdatert: 16. desember 2012, 22:55