Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Adventtreff på Stangvik aldersheim

Adventtreff på Stangvik aldersheim

Borghild B. Talgø Onsdag 12. desember 2012

Adventstreff på Stangvik Aldersheim denne veka.  Pårørande og gjester frå kommunen og legesenteret var inviterte og på plass. Flotte ungar frå Stangvik; Oda, Johanne, Mette, Trym og Håkon, song, dansa og kosa seg i lag med oss. Vårt kjære husorkester, Guri og Lars frå Vang, gledde oss med tonar til julesongane og fleire lydarslåttar.

Bjørg Ormset ynskte velkomen. Gode snittar vart servert til kveldsmat og seinare flotte blautkaker til nykoka kaffe. Bjørg takka Pårørandeforeininga for godt samarbeid og økonomisk støtte. Det dei fleste av oss sitt att med etter denne kvelden er desse jentene som spreidde  slik glede! … og mange lånte bort eit » bæssmorfang». Vi song «Deilig er jorden»  til slutt, og vi kom i retteleg god julestemning!

Bilder frå adventtreffet på Stangvik aldersheim.   Foto: Bjørg og Borghild.

Først publisert: 12. desember 2012, 23:49 - Sist oppdatert: 13. desember 2012, 21:56