Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Storsatsing på royalproduksjon for Talgø

Storsatsing på royalproduksjon for Talgø

Jon Olav Ørsal Tysdag 11. desember 2012

Salget av royalbehandla furuprodukt har teke av skikkeleg for Talgøselskapet MøreTre. MøreRoyal har vorte eit merkenamn som blir lagt merke til og som alle kjenner til som driv med byggeverksemd. På eit par år er salget fleirdobla, og no investerer Talgø nærare 40 millionar i nytt bygg og nytt produksjonsutstyr. Tysdag kom båten til Surnadal hamn med rundt 200 tonn med utstyr til det nye royalanlegget.

I haust har det vore gjort førebuingar på MøreTre-tomta på Syltøran, der elementproduksjonen er flytta over i større og leigde lokaler hos Trollheim Vekst.  Den gamle elementfabrikken er revet og det er sett opp ny produksjonshall på rundt 2600 m2 for å huse det nye og moderne royalanlegget.

Tysdag kom utstyret sjøvegen frå leverandøren i Danmark, og vart teke i land av online casino ei stor mobilkran som var leigd inn frå oljebasen i Kristiansund. Lange spesialbygde semitraller sørga for transport til terminalen på MøreTre, noko som gikk smertefritt og ukomplisert. No skal utstyret monterast av montørar frå produsenten saman med folk frå lokale bedrifter som Sveen, El-Co og Comfort Surnadal.

Dagleg ledar Hallvard Brusethaug var glad for at utstyret no er levert og at monteringsarbeidet kan starte. Dei store tankane skal nemleg inn i produksjonshallen før bygget kan gjerast ferdig med tak og veggar. Da kan ein få på varme og starte prossessen med å montere utstyret og klargjere for produksjonsstart. Det er litt av eit puslespel å få på plass, og det er naudsynt at ein gjer rett ting i rett rekkjefølgje. Etter plana skal det nye anlegget være klart til produksjon i slutten av mars – tidsnok til at ein kan møte ein travel vårsesong med leveranser til folk som skal ha ny terrasse til sommaren kjem.

Nedafor har vi laga ein bildekavalkade frå lossinga på Surnadal Hamn og transporten av utstyr til MøreTres anlegg på Syltøran.  Alle foto: Driva/Jon Olav Ørsal

Først publisert: 11. desember 2012, 21:46 - Sist oppdatert: 8. juni 2013, 10:25