Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Mykje song og musikk i helga

Mykje song og musikk i helga

Jon Olav Ørsal Fredag 14. desember 2012

Denne helga står i songen og musikkens teikn.  Det startar i Stangvik kyrkje laurdag kveld med «Tonar Julenatt», og fortsett i Todalen kyrkje søndag ettermiddag med «I denne søte juletid». I sin introdusjon til konserten i stangvik kyrkje skriv Bernt Bøe «Det blir ein litt «annleis» konsert med julemusikk i Stangvik kyrkje laurdag 15. desember. Ei stor veke før sjølve julenatta får vi oppleve eit program inspirert av stjernehimmelen over Betlehemsmarkene – i tråd med tittelen. Difor er konserten også lagt til sein kveldstid:  21.00. Da er ståket stilna, og tonane kan stemme sinn og tankar inn mot adventshelg og høgtidsro.

Pianisten Hedda Hansen Berg og songstudentar frå Konservatoriet i Trondheim har sette saman eit variert program med både kjente julemelodiar og klassiske perler med same bakgrunn. Dei syng både saman og kvar for seg. Og som det høver seg i Stangvik-kyrkja, opnar det heile med «Julverset» slik folketonesamlaren Edvard Bræin skreiv ned og arrangerte det. Dei same songarane – men da litt fleire – gledde mange med eit storslått og inderleg juleprogram i Øye-kyrkja i fjor. Bøfjordingen Sigrid Vetleseter Bøe – nyleg ferdig med Vox-konsert i Stangvik, Messias-oppsetting i Kvernes og Kristiansund og ensemblekonsert i Nidarosdomen – har invitert med seg songvennene Mildred Røthe, Anne Brigitte Røkke og Maria Nohr og surnadalsjenta Hedda (piano) til å servere juleperler i hovudkyrkja vår.

Stunda i Stangvik er samtidig kyrkjelydens «Vi syng jula inn». Dermed skal også orgelet klinge og allsongen tone – forhåpentleg fulltonande frå mange i benkene. Soknerådet ved Berit Anne Røkkum legg opp til at også kyrkjerommet skal «kle» mottoet «Tonar Julenatt». Korleis – det vil ein oppleve ved å ta turen dit. Konfirmantjentene Ingrid, Ragnhild, Kristine og Solveig er konsert-vertar og sel billettar ved inngangen.» Kr 100 for vaksne og gratis for barn.

Og søndag 16. desember kl 15 er det altså i Todalen kyrkje det skjer, med Todalskoret i samarbeid med Åsskard kyrkjekor og BareBarokkBandet. Her blir det julekantate «I den søte juletid», men det blir også julsongar og rikeleg med høve til å ta del i allsongen i kyrkja denne førjulssøndagen. Da kan arrangøren i tillegg skilte med kjente namn som Tor Strand, Marthe B. Stavrum og egne solistar som Sigrid V. bøe og Øystein Moe.  Billett kr 150 – barn gratis.

Publisert: 14. desember 2012, 20:51