Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Rassikring ved Svinviktunnelen

Rassikring ved Svinviktunnelen

Jon Olav Ørsal Måndag 3. desember 2012

Heilt sia Svinviktunnelen vart bygd i 2002 har det vore problem med stein og lausmasse som har kome ned i vegbanen frå skjæringa på oversida av vegen. Det har tidlegare vore gjort minst 2 iherdig forsøk på å ordne opp i dette, utan at det har lykkast. I haust har det ved fleire høve vore stein i kjørebanen, men det har enno ikkje skjedd noko skade på bilar eller trafikkantar så lagt vi kjenner til. Da vi hadde ei åtvaring på Todalen.no den 19. november vart det imidlertid fart på sakene, og Statens vegvesen sette prioritering på saka etter påtrykk via Surnadal kommune.

Måndag starta arbeidet med å rydde opp i problema ved innkjøringa til tunnelen på Svinviksida. Det er Bjerkvikfirmaet Betongrenovering As som har fått oppdraget, og det vil nok pågå arbeidet ved tunnelinngangen eit par veker framover, seier Anton Brusethaug som er ein av dei tilsette i firmaet. Han fortel at det denne gongen skal gjerast skikkeleg arbeid for å sikre lausmassane i skråninga ein gong for alle.

Det må finnast ei løysing for å lede flomvatnet i bekken bort, og det vil i tillegg bli sett opp eit sikringsnett som vil fange opp stein og lausmasse. Det er iallfall bra at det blir teke affære, og at tunnelinngangen no blir sikra skikkeleg. medan arbeidet pågår vil det nok bli innsnevring til eit kjørefelt i tunnelinngangen på Svinviksida. Kjør derfor forsiktig og vis hensyn til at det foregår anleggsarbeid i området.

Frå Jon Bruset har vi fått nokre bilde som viser starten på arbeidet med sikringa av Svinsvikstunnelen som starta måndag.

Publisert: 3. desember 2012, 21:20