Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Takk til hjelpsame todalingar

Takk til hjelpsame todalingar

Bernt Bøe Måndag 3. desember 2012
Kva gjer ein frossen organist når bilen punkterer i tidsklemma mellom to lysmesser ein desemberkveld? Søndag vart eg skikkeleg opprådd. Men uhellet skjedde heldigvis attmed julegrantenninga i Todalen, og der er hjelp og omtanke aldri langt unna.  Ola Einar, Knut og fleire sprang seg til, jekka, skruva – og på eit blunk var reservehjulet på plass! Og May kom med varm gløgg. Eg rakk akkurat jobben i Stangvik-kyrkja etterpå – oppvarma av både gløggen og hjelpa. Hermed sagt ein stor takk!

Bernt G. Bøe
Publisert: 3. desember 2012, 22:50