Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Vegnamn på Nordvik

Vegnamn på Nordvik

Oddvar Mikkelsen/Nordvik grendalag Måndag 3. desember 2012

For å få innsspel frå flest mogleg har Nordvik grendalag avtalt med namnenemda å arrangere eit grendamøte i Nordvik Forsamlingshus måndag 10. desember kl 19.30. Møtet blir ope for alle interesserte, også utanfor Nordvik. Nordvik grendalag er også interesserte i innspel utover namn på dei fire vegane og fire hyttefelta som er vist på kartet. Mellom anna moglegheit for bruk av gards/bruksnamn som mellomadresse. Om Todalsvegen er det beste namnet på vegen gjennom Nordvikgarden er og eit aktuelt tema å få fram folks meining om.

Dei som ikkje kan kome til grendamøtet kan sende ein e-post til Oddvar Mikkelsen: om@orkla.norgesfor.no eller ringe 41460565 dersom dei har noko som dei vil ha med i den uttalen Grendalaget skal sende til kommunen. Grendalaget har fått frist til fredag 14. desember med å sende inn uttalen. Invitasjon til møtet vil og bli sendt ut til alle husstandar frå Åsbøen til Gjeldnes.

Her kan du laste ned dokumenta om saka frå Surnadal kommune, som PDF-dokument: Kart over vegar og hytte feltorientering om prosjektet og følgjeskriv.

Først publisert: 3. desember 2012, 00:01 - Sist oppdatert: 2. desember 2012, 22:52