Arkiv for juni, 2012
Todalen I.L.:Vel blåst for vellukka Todalsdag…
Todalsdagen 2012 er i hamn, og da dommar Ola Magne Nordvik kunne blåse av finalekampen mellom Surnadal og Astor var fotballkamp nr 46 slutt og dei sportslege aktivitetane under Todalsdagen 2012 var avslutta. I lillegutfinalen trekte Surnadal G10 det lengste strået og vann 3-0 over Astor frå Trondheim, etter ein fartsfylt og artig kamp. Stor innsats frå alle dei 28 laga gjorde Todalsdagen til ei fotballfest, som vi håper alle deltakarane har mange gode minner frå. Ros også til publikum som var engasjert og som applauderte innsatsen på banen og gjorde stas på alle dei små aktørane som var i aksjon, seier en storfornøgd cupgeneral Knut Bergli.
Topp og bunn møttes
I går kveld møttest topp og bunn i herrenes 5-divisjon avdeling 1 til kamp på Bordholmen. Heimelaget Søya/Todalen fekk da besøk av tabell-leiar Frei, der Frei tok med seg alle tre poenga heimatt. Søya/Todalen ligg dermed fortsatt neders på tabellen med berre 3 poeng, medan topplaget Frei har 23 poeng.
Løypekart for Ræta Opp
Det nye mosjonsløpet “Ræta Opp” startar kl 12.00 frå Bordholmen. Startkontingenten går uavkorta til kreftsaka, og arrangøren ioppfordrar alle til å bli med på løpet som går frå Bordholmen og over Halsabrua og opp i Halsetgrenada og toppen av Ræta, og tilbake til Bordholmen. Her finn du løypekartet og meir info om Ræta Opp.
Kvelden før dagen – telthavari
Sterke landvindkast har i ettermiddag gjort vei i vellinga for restaurant- og loppemarknadsteltet. I dei sterke vindkasta gikk telta overende, og vart delvis øydelagt. Det kom imilertid folk raskt tilstede og fekk kontroll over situasjonen, men da var nok skaden alt skjedd. Dugnadsmannskap vart sett på ryddejobben, og det er beslutta at loppemarknaden skal foregå i redskapshuset, medan det eine teltet som vart skadd er reparert og vil bli bruka som planlagt.
Fikk laks på kroken…
Det er enno litt låg temperatur i Toåa, og difor har nok ikkje laksefisket enno “teke heilt av”. Men i helga er det meldt litt regn som vil hjelpe på temperaturen, for vassføringe har dei siste dagane vore perfekt. Men etter forholda er da fisket bra og det er teke laks på over 7 kg både onsdag og torsdag. I dag tok Peter Ojala frå Husum i Sverige 2 laksar i Halsahølen. Den eine var over 7 kg, samt ein smålaks opp mot 2 kg.
Innspurt mot Todalsdagen
Tysdag kveld var siste stordugnad på Bordholmen før Todalsdagen som arrangerast førstkomande laurdag. Eit trettitals deltakarar på dugnaden monna godt, og det meste av førebuingane er no gjort unna. No rykkjer dei forskjellige komitèane inn og etablerer seg med utstyr for grilling, utplassering av mål og merking av dei 5 banane som skal i bruk laurdag. Det er nemleg rundt tretti lag som kjem for å ta del i fotballcupen, og tilsaman er det over 300 spelarar som skal bryne seg mot tøffe konkurrentar. Her blir det fotball frå tidleg morgon til langt utpå laurdag ettermiddag.
Todalsdagen – program på papir og web
Program for Todalsdagen er klart til distribusjon. For første gong distribueres programmet “World wide” og lokalt samtidig. Bor du på strekninga mellom Kårvatn og Hauahyllån vil du finne programheftet i postkassen i løpet av kvelden. Bor du andre plassar kan du berre klikke på linken nedafor, så får du opp det digitale programheftet og kan bla deg gjennom heftet i ro og mak. Her får du presentert programmet for Todalsdagen, med kampoppsett for fotballen og informasjon om mosjonsløpet Ræta Opp og mykje meir.
Pubkveld med sjømat
Laurdag er det klart for ny pubkveld på Pakkhuset Kro. Pubkvelden har lenge vore annonsert til fredag kveld i aktivitetskalenderen, men det er altså laurdag kveld som er rett, og pubkvelden startar kl 21.00. Pakkhuset Kro trør denne kvelden til med matservering, og har gratinerte kamskjel og kvalgryte på menyen. Vi oppfordrar til å ta turen på puben, [...]
Todalsdagen – kampoppsett for knøtt og miniputt klart
Frå Todalen idrettslag har vi fått kampoppsett for knøtter og miniputter. Dei skal gjennom eit hardt program med 30 kampar i løpet av Todalsdagen 30. juni. Første kamp startar kl 10.00, og da går det slag i slag utover dagen til siste kamp startar kl 15.00.
No er tida inn for å plante ute…
Dersom du ikkje har sørga for å plante ut sommarblomstrane, så er det på tide no. Sjølv om det var frostnetter langt utover våren, så er det nok trygt å plante ut no. Dersom du er i markedet for å kjøpe sommarblomster, så treng du ikkje dra lenger enn til Ingunn Kjølstad i boligfeltet på Kvennset. Ho har dyrka fram mange sortar blomster, og her kan du kjøpa fine planter som er klare til å plante ut.
Tysdag kveld: Dugnad på Bordholmen
I kveld er det dugnad på Bordholmen for å ta siste innspurt på anlegget til Todalsdagen. Ta med deg høveleg utstyr og kom på dugnad. Dugnadskomiteen sørger for traktering.
G19 innfridde mot KFK på Bordholmen
Juniorlaget til Todalen/Kvass-Ulv/Søya hadde måndag kveld besøk av KFK G19 fra Kristiansund. Manager Terje Nordvik hadde store forhåpningar om å følgje opp suksessen frå Moldekampen og dermed ta 3 poeng. Og laget innfridde forhåpningane og vann 3-1. Det var ein velfortjent seier, seier manager Terje Nordvik til Todalen.no. Det var scoringar ved Jon Kjetil Gagnat, Kristoffer Nordvik og Marcus Lundquist.
Søk i våre arkiv
Hvis du leiter etter noko spesielt på sida vår, kan du prøve eit søk! Skriv kva du søkjer etter, og trykk Enter.
Logg inn som redaktør



































