Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Innspurt mot Todalsdagen

Innspurt mot Todalsdagen

Jon Olav Ørsal Onsdag 27. juni 2012

Tysdag kveld var siste stordugnad på Bordholmen før Todalsdagen som arrangerast førstkomande laurdag – 30. juni. Eit trettitals deltakarar på dugnaden monna godt, og det meste av førebuingane er no gjort unna. No rykkjer dei forskjellige komitèane inn og etablerer seg med utstyr for grilling, utplassering av mål og merking av dei 5 banane som skal i bruk laurdag. Det er nemleg rundt tretti lag som kjem for å ta del i fotballcupen, og tilsaman er det over 300 spelarar som skal bryne seg mot tøffe konkurrentar. Her blir det fotball frå tidleg morgon til langt utpå laurdag ettermiddag.

Turneringa startar kl 9.30 for lillegutt, medan knøtter og smågutt startar kl 10.00. Da opnar også loppemarknaden, og loppesjef Borghild Talgø seier til Todalen.no at det aldri har vore så mykje og så fine lopper før. Så her er det berre å møte opp frå starten av, for her gjeld sjølvsagt regelen om «først til mølla».  I 10-tida tennes også grillen, og da blir det etter kvart grillmat å få kjøpt. Grillsjef Roaldset tilbyr både kjøtt- og fiskerettar med godt tilhør, og dersom du ikkje vil sitte ute kan du nyte middagen i det store restaurantteltet. Karen Johanne og Svein er også på plass med fleire bøtter med vaffelrøre. Så mat skal det bli, fortel Jon Olav Roaldset.

Presis kl 12.00 blir det ein kort pause i fotballen for å starte mosjonsløpet «Ræta Opp». Det er nytt av året, og løypesjef Eivind Grønmyr og hans stab har god kontroll på opplegget her. Knut Bergli i arrangementskomiteen har promotert løpet dei siste vekene, og han fortel at det er stor interesse for det nye mosjonsløpet. Startkontingenten frå «Ræta Opp» går uavkorta til kreftsaka. Det vil seie at jo fleire som deltek, jo meire pengar blir det til kreftsaka. «Ræta Opp» går på idealtid, og det er 3 premiar i kvar klasse til dei som kjem nærast idealtida. Påmelding skjer til sekretariatet, og det lønner seg å være ute i litt god tid før starten kl 12.00. Finn fram snarsprengarskoa og meld deg på!

Litt lenger utpå dagen er det trekning i «Superlotteriet». Hovudgevinsten er ei hagemøbelgruppe til verdi kr 10.000 fra Talgø OutLiving®. i tillegg er det to store radiostyrte bilar og ei engelsk landslagsdrakt. På tampen av dagen er det tid for finale og seremoni med premieutdeling. Her kan du lesa og bla i programmet for Todalsdagen 2012.

Men det er ikkje berre på Bordholmen det skjer på Todalsdagen. Todalen har også mykje anna å tilby tilreisande både på Todalsdagen og elles. I Svinviks arboret er det enno full blomstring i Rododendronhagen, der det finns over 350 rododendronartar og 250 bartreslag. Her er det ope frå onsdag til søndag i tidrommet 12.00 til 17.00. I dag er det Surnadal kommune som eig og driv arboretet som Hallvard Svinvik og kona Anne gjorde til sitt livsverk.

På Todalshytta er det rømmegrautdag på laurdag, med servering av dagens middag mellom 14 og 18. Todalshytta er på det næraste base for laksefiskarane i Toåa, og vertinna Åse G. Øyen låner nok bort laksevekta si rett som det er. Årets største laks hittil i år er rundt 8 kg, men sesongen er enno berre såvidt i gang.  På Kårvatn finn du mellom anna sprortsbutikken Kårvatn Fjellutstyr. Det er kanskje ikkje den plassen du reknar med å finne ein sportsbutikk, men butikken på låven og Nauståfossen er absolutt eit besøk verdt. Og heilt til slutt kan du avslutte Todalsdagen med eit besøk på Pakkhuset Kro på Todalsøra. Her er det pubkveld med servering av kamskjel og kvalgryte denne kvelden. Dei opnar dørene kl 21.00 og held det gåande utover natta. 

Og etterpå kan du sjølvsag lese om det som har foregått på nettet!  Todalen.no – kvar einaste dag!

Bildegalleri frå dugnaden tysdag kveld, der eit trettital sørga for at førebuingane vart gjort unna.   Alle foto: Driva/Jon Olav Ørsal

Først publisert: 27. juni 2012, 22:00 - Sist oppdatert: 29. juni 2012, 08:22