Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Todalsdagen – program på papir og web

Todalsdagen – program på papir og web

Jon Olav Ørsal Onsdag 27. juni 2012

Program for Todalsdagen er klart til distribusjon. For første gong distribueres programmet «World wide» og lokalt samtidig. Bor du på strekninga mellom Kårvatn og Hauahyllån vil du finne programheftet i postkassen i løpet av kvelden. Bor du andre plassar kan du berre klikke på linken nedafor, så får du opp det digitale programheftet og kan bla deg gjennom heftet i ro og mak. Her får du presentert programmet for Todalsdagen, med kampoppsett for fotballen og informasjon om mosjonsløpet Ræta Opp og mykje meir.

Det er Knut Bergli som er ansvarleg redaktør, medan Lillian Halle på Talgøs marketingavdeling har vore grafisk designer. Heftet har 20 sider, og er trykt, falset og stiftet på Talgø sin avanserte fargemaskin. Den har false og stifteutstyr og gjør alt fiks ferdig i ein operasjon.

Klikk på linken for Programheftet for Todalsdagen 2012, så kan du bla og lese i ro og mak!

Først publisert: 27. juni 2012, 18:33 - Sist oppdatert: 29. juni 2012, 08:21