Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for juni, 2012

Vi fann 64 artiklar i dette arkivet.


Hønhalsen er i rute

Hønhalsen er i rute

Jon Olav Ørsal Måndag 4. juni 2012

Måndag var skydekket såpass høgt at det gikk an å fotografere «Hønhalsen». Vi trudde at den var seint ute i år. Men dersom ein studerer detaljbilde, kan ein sjå at det kanskje ikkje går så lang tid før den går av. Før var det sagt at når Hønhalsen går av er det lov å starte badesesongen. Det har nok sterke tilknyting til kor mykje snø det er i fjellet og kor mykje kaldt smeltevatn det er i elvane.

Les heile saka

Brusetmarka: Stor interesse for historia

Brusetmarka: Stor interesse for historia

Jon Olav Ørsal Sundag 3. juni 2012

Det var stor interesse for den historiske vandringa som Todalen historielag la opp til i Brusetmarka. Værgudane sørga for at det vart ei vandring på lerretet på Gammelfabrikken for eit stort 60-tal, og det var eit godt alternativ i regnvêret. Finn Talgø var hyra inn som kjentmann og formidlar av historia til Brusetmarka. Han starta med historia om Bjørås og da han og foreldra Erling og Aslaug bodde der. Da han var 15 år, flytta til nybygd bolig på Brekkvoll. Finn tok for seg hus for hus innover grenda, og fortalte om kven som har bodd der og litt om livet i grenda i gamle dagar. Det var også mange publikum som supplerte med opplysningar, og krydra førestillinga med muntre historier frå gamle dagar.

Les heile saka

Avlyser bli-kjent-dag

Avlyser bli-kjent-dag

Elinor Bolme Laurdag 2. juni 2012

Dei to FAU ved henholdsvis Todalen og Stangvik Oppvekstsenter har etter ei vurdering i dag bestemt å avlysa bli-kjent arrangementet ved Todalen Skule i morgon. Etter vermeldingane å døme er det meldt rett og slett dårleg nordmørsver med mykje nedbør i tidsrommet arrangementet var planlagt.

Les heile saka

“Ræta opp”- eit mosjonsløp til inntekt for kreftramma ungar

“Ræta opp”- eit mosjonsløp til inntekt for kreftramma ungar

Elinor Bolme Laurdag 2. juni 2012

Energiske Ingvild Kårvatn har fått med seg Todalen Idrettslag til å arrangere mosjonsløpet «Ræta opp» under årets Todalsdag. Bakgrunnen for løpet kjem seg av at ho etter lengre tids kreftsjukdom deltok på halvmaraton for å «teste formen» for eit par år sia. Ho deltok også på ulike motbakkeløp og mosjonsløp her i distriktet, men fekk liksom ikkje frå seg ideen om at dette kunne vel også Todalen IL arrangere. Og som sagt som gjort, Todalen IL beit på ideen og arrangerer dermed «Ræta opp» for aller første gong no i år under Todalsdagen 30.juni.

Les heile saka