Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Hønhalsen er i rute

Hønhalsen er i rute

Jon Olav Ørsal Måndag 4. juni 2012

Måndag var skydekket såpass høgt at det gikk an å fotografere «Hønhalsen». Vi trudde at den var seint ute i år. Men dersom ein studerer detaljbilde, kan ein sjå at det kanskje ikkje går så lang tid før den går av. Før var det sagt at når Hønhalsen går av er det lov å starte badesesongen. Det har nok sterke tilknyting til kor mykje snø det er i fjellet og kor mykje kaldt smeltevatn det er i elvane.

Natt til fredag var det imidlertid målt ein minimumstemperatur på +0,2 grader på Småhjellan hos Jon Bruset. Med slike nattemperaturar i månadsskiftet mai/juni så tinar det ikkje så fort. Tek vi ikkje heilt feil så skimtar vi faktisk nysnøen på toppen av Blåfjellet.

Publisert: 4. juni 2012, 22:46