Arkiv for april, 2012

Side 1 av 612345»...Siste »

Fin konfirmasjonsdag


Søndag var det konfirmasjon i Todalen, og det fine vårvêret med sol frå blå himmel var nok med og sette ein ekstra spiss på dagen for både konfirmantane og tilreisande gjestar. Det var i år 4 konfirmantar, 2 gutar og 2 jenter, og vikarprest Leif Endre Grutle gjorde seremonien til ei fin oppleving for konfirmantane.

Ei lita påskjønning


Brannmannskapet i Todalen brannkorps fekk etter spylinga ved Talgø og Matkroken torsdagkveld ei lita påskjønning av befalshavande Gunnar Bøe i Surnadal brannvesen. Han hadde fått i oppdrag frå brannmester Tor Arne Moen om å ta med blautkake til brannmennene etter at mannskapet for ei tid tilbake viste imponerande innsats i ei utrykning med hjartestartaren som dei har ansvaret for. Befalshavande [...]

Årets fotballkamp?


2. mai kl. 19.00 er det klart for årets første seriekamp på Bordholmen. Da braker vårt juniorlag G 19 – Todalen/Kvass-Ulv./Søya sammen mot Surnadal
G 19. Her vil vi oppleve at det er todalinger og kvennalanninger på begge lagene, og det vil nok gjøre det ekstra spennende, forteller manager Terje Nordvik til Todalen.no.

Stavganggruppa starta sesongen


Stavganggruppa i Surnadal pensjonistlag starta sesongen torsdaga 26. april. Vi møttest ved Bondehuset i Stangvik og køyrde samla mot Bøkeskogen/Grantrøinn. Leiaren, Martinus Torvik, opplyste at det var fritt val kvar og kor langt vi ville gå, men klokka ½ 3 skulle alle samlast til kaffepause. Mange valde å gå etter den fine skogsvegen i retning Storsetra. Til avtalt tid samlast alle 39 deltakarane på den idylliske uteplassen med løe, bålplass og rikeleg med benkplass.

“Barn av regnbuen” på Stangvik oppvekstsenter


1-7.klasse på Stangvik oppvekstsenter stod i ring og sang “Barn av regnbuen” i dag og markerte dermed sin solidaritet for aksjonen på Youngstorvet i dag. Aksjonen var blant annet en protest mot Breiviks omtale av sangen som et eksempel på marxistisk indoktrinering av barn. Det har vært lignende støtteaksjonen over heile landet i dag, og [...]

Eit sikkert vårtegn…


Det er eit sikkert vårtegn på Kvennset at Todalen brannlag spylar vekk strøsand, rusk og rask på plassen frammafor Talgø-fabrikken og Matkroken L.Hals. Dermed slår dei to flyer i ein smekk, og får gjort vårreint samtidig som dei får køyrd motorane på brannpumpene ein skikkeleg runde etter ein lang vinter uten å ha vore i bruk.

Klart til konfirmasjon


I går ettermiddag var det Todalen Sanitetsforening sin tur til å arrangere dugnad. Saniteten er som kkjent eigarmann av eige hus på Kvendset. Der er det no i helga utleidd til konfirmasjon, og då krevst det at området er flidd og i retteleg stand. Difor vart det denne kvelden raka, klippt plen og kjøyrt bort [...]

Konfirmasjonsgudsteneste – oppdatert


Søndag 29. april kl 11.00 er det konfirmasjonsgudsteneste i Todalen kyrkje med vikarprest Leif Endre Grutle. Det er i år 4 konfirmantar i Todalen; Lena Rovik Olsen, Emma Saksen Ulvund, Steffen Aune og Stian Nordvik Bruset. Det er offer til kyrkjelydsarbeidet i Todalen.

I kveld: Siste ferje kl 21 frå Kvanne!


Natt til torsdag skal ferjekaia på Kvanne bygges om, og derfor går siste tur frå  frå Rykkjem kl 20.45 og frå Kvanne kl 21.00 melder Fjord 1. Første avgang torsdag morgon vil gå som normalt. Fjord 1 beklager ulempane dette får for trafikantar og andre.

539 000 til oppgradering


Formannskapet i Surnadal kommune har no i møte frå 24.4.12 bestemt å bevilge 539 000 kroner til opprusting av Todalen oppvekstsenter i forbindelse av at heile elevflokken frå Stangvik oppvekstsenter skal gjennomføre skuleåret 2012/13 her i Todalen. Bakgrunnen for denne flyttinga er totalrenoveringa av Stangvik opppvekstsenter til ca 15 millionar kroner.   Vurderinga til formannskapet er som [...]

Storveies dugnad


Todalen.no vart i går kveld borimot for sein då underteikna tok ein svipptur nedom kyrkjegarden på soknerådet sin dugnad. Soknerådsleiar Ildri Sjøland Øyen var storvegs fornøgd etter kveldens økt. -Her har det verkeleg gått unna i kveld seier ho. Alt rusk og rask etter Dagmar er trilla bort, her har dei raka, kosta og retta støtter. Ho var også veldig fornøgd med oppmøtet denne gongen, då over 30 personar i alle aldra hadde vore med.

I desse dugnadstider…


Leiar i Todalen Sanitetsforening, Åse Ville Redalen opplyser at det førstkommande onsdag kl 17, og utover blir det arrangert dugnad også i Sanitetshuset. Her er det fliing til vår og konfirmasjonstid som står for døra, samtidig som at alle dei 120 sekkjane med innsamla kleder blir henta denne kvelden. Ta med river og godt humør! Enkel servering.

Medlemmar

Start 4H
Søya og Todalen Skytterlag
AMFI Kreativ
ICA Todalen
Sparebank1 Midt-Norge
AMFI Surnadal
Surnadal Kulturhus
Todalen Sokneråd
Skulstuå i Todalen
Surnadal Sparebank
Norgeshus Byggefirma Olav Haugen AS
Trollheimsporten
Stangvik Historielag
Todalen Sanitetsforening
Studio Saksen
Talgø Møbelfabrikk AS
Svorka
Surnadal Pensjonistlag
Viastua Gardsprodukt
Rossåa Settefiskanlegg
Indre Nordm�re Forsvarsforening
Todalshytta
Eldremiddagen
Todalen Historielag
IL S�ya
Todalen Idrettslag
Stangvikfestivalen
Surnadal Regnskap AS
Driva
Karen Oddny's heim og hagetjenester
Norsk Laksefestival
Kombi Regnskap
Kårvatn Fjellutstyr
Skogkompaniet
Gjensidige Surnadal
Surnadal Kommune
Todalen Bondelag
Todalen Småbåtforening
Todalen Brygge
Nordvik Grendalag
Todalen Elveeigarlag

Kva skjer?

Aktivitetar med blå skrift kan du trykke på for å lese meir om!
    • Tor 23. mai: Søppeldag
    • Tor 23. mai: Markering av Verdens aktivitetslag
    • Tor 23. mai: Lagseriestemne
    • Tor 23. mai: Befaring
    • Lør 25. mai: Open dag INF
    • Lør 25. mai: Open pub
    • Søn 26. mai: Hestens dag
    • Søn 26. mai: Sykkeltrim
    • Man 27. mai: Knøttetrening
    • Ons 29. mai: Søppeldag
  • Aktivitetskalender

Arkiv


Logg inn som redaktør