Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for april, 2012

Vi fann 69 artiklar i dette arkivet.


Spelkveld som belønning

Spelkveld som belønning

Elinor Bolme Fredag 13. april 2012

Torsdag kveld var 1. til og med 4. klasse ved Todalen Oppvekstsenter samla på skulen for ein sosial spelkveld. Dette har vore eit mål som elevane har strekt seg etter på etterjulsvinteren. Kontaktlærar Britt Mossing hadde nemleg lova at dei skulle få det som belønning om dei klarte å opparbeide tilstrekkjeleg arbeidsro i timane. Og det klarte dei! Her var det fleire forskjellige spel som var teke med, forutan data- og mobilspel.

Les heile saka

Falla er opna igjen!

Falla er opna igjen!

Jon Olav Ørsal Fredag 13. april 2012

Denne veka har det pågått anleggsarbeid på vegen opp Falla. Det er Per E. Gjeldnes Maskin som har jobba med prosjektet og fredag ettermiddag var det klar til å sett på trafikk på vegen. Da er er det lagt fjell i bunnen av fyllinga, og deretter fylt opp med grov elvamasse og vanleg fyllmasse til slutt. Per har lang erfaring med vegbygging, og han seier at raparasjonen vart både rimeleg og solid, og han garanterer vegen for all slags trafikk. Så no startar Kårvatn fjellutstyr på igjen med sesongsalget som dei måtte avbryte før påske.

Les heile saka

Nytt treningslokale

Nytt treningslokale

Elinor Bolme Fredag 13. april 2012

Mange har muligens sett at det har vore ein del aktivitet i "gammel-posthuset" den seinare tida. Det er fordi ein gjeng med unge menn har dreve oppussing av lokala. Ungdomane har som mål å få laga eit eige treningslokale her, til bruk for alle i bygda. Da todalen.no var innom som snarast, hadde dei så smått byrja å forflytta styrkeapparata som tidlegare har stått på Sias og Bordholmen. Ellers hadde dei måla det gamle postlokalet, flytta veggen mot der solariet er for å auke arealet litt og naturlegvis hatt på listverk.

Les heile saka

Den store zumbadagen

Den store zumbadagen

Elinor Bolme Torsdag 12. april 2012

Lørdag 14. april meldes det om zumbafeber på Surnadal trenings- og velværesenter. Da arrangerer de Den store zumbadagen!

Timeplan lørdag 14. april:
Barnezumba med Anita: 12.00 – 13.00
Nybegynnerzumba med Anita: 14.00 – 15.00
Zumbamaraton med Beate, Ann Kristin og Anita: 15.30 – 17.30

Les heile saka

Dreg til England på fotballtur…

Dreg til England på fotballtur…

Jon Olav Ørsal Torsdag 12. april 2012

Fredag dreg juniorlaget G-19 på fotballtur tul England fortel manager Terje Nordvik til Todalen.no. Det dreier seg om ein motivasjonstur som deltakarane har betalt frå eigen lomme og det er 11 ungdomar og 4 vaksne som fredag setter seg på flyet til Heathrow via København. Vel framme i England går turen vidare med to til Manchester, der dei laurdag skal på omvisning på Old Trafford og på museet til Manchester United. Søndag kl 16 er helgas høgdepunkt med kamp mellom Manchester unite og Aston Villa.

Les heile saka

VOX og Safari i salig blanding

VOX og Safari i salig blanding

Elinor Bolme Torsdag 12. april 2012

Søndag 15.april arrangerer koret VOX og jazzgruppa Safari konsert i Stangvik kyrkje. Leiaren for VOX, Åse Torill Solli lovar ein herleg kveld med blanding av gladjazzmusikk av Safari og korsang frå VOX. Koret er ei viareføring av det som ved Surnadal Sparebank sitt store korslag i 2010 kalla seg Feltkoret. VOX kjem til å syngje songar fra bl.a. Hanne Boel, Michael Jackson, Sting, noen søramerikanske salmer og tradisjonell spirituals. Heile 7 av kormedlemmane er solistar på eitt eller fleire av nummera. Naturleg vis med todalsdeltaking.

Les heile saka

Guttas kveld med Timbershow

Guttas kveld med Timbershow

Jon Olav Ørsal Torsdag 12. april 2012

Neste veke arrangerer er det «Guttas kveld» på Byggmakker Surnadal. Tysdag 17. april inviteres til eit allsidig program som mellom anna inneheld eit forrykande show med Antons Timbershow, men dei får også besøk frå fleire leverandørar som vil informere om sine produkt. Elles blir det både servering, gratislotteri og demonstrasjonar. Alle er velkomne til «Guttas kveld», men dei vil ha påmelding frå deg som vil delta. Det kan du gjere ved å gå inn på denne linken til ”Guttas kveld”. Programmet startar kl 18.00 og det er gratis.

Les heile saka

Undrande til flytting av friluftsgudstjenesta

Undrande til flytting av friluftsgudstjenesta

Elinor Bolme Onsdag 11. april 2012

Frå Jon Bruset har vi fått ein henvendelse i etterkant av den innendørs friluftgudstenesta. Han undrar seg over avgjerda om å flytte denne innomhus, og håpar på å få svar på dette. Redaksjonen gjengir Jon sin epost i si heilheit:

Les heile saka

Eldremiddagen i rute etter påske

Eldremiddagen i rute etter påske

Martinus Torvik Onsdag 11. april 2012

Eldremiddagen er i gang med vårsesongen. I dag, 11. april, hadde vi første servering etter påske med Brit og Bodil ved grytene. Hovedretten, over 20 porsjoner, var bakalao med førsteklasses råstoff fra Tustna.

Les heile saka

Laksefiske – snart ny sesong

Laksefiske – snart ny sesong

Jon Olav Ørsal Onsdag 11. april 2012

Det går mot ny sesong for laksefiske i Toåa. Todalen Elveeigarlag melder at tidsrommet for laksefiske i år er fastsett til perioden 15. juni til 15. august. Det er like ens som i fjor. Døgnkvotane blir også som i fjor, nemleg 2 laks og 2 ørret pr døgn. Todalshytta som innkvarterer mange av laksefiskarane opnar også for […]


Todalen.no oppe igjen

Ole Petter Talgø Onsdag 11. april 2012

Todalen.no har vore nede sidan i går kveld, men fungerer igjen no. Vi har kontakta leverandør for å få klarhet i kva som har vore feil, både denne gongen og tidlegare.


Klesinnsamling 14. april

Klesinnsamling 14. april

Elinor Bolme Tysdag 10. april 2012

Todalen Sanitetsforening vil også i år arrangere klesinnsaamling til Estland. Datoen for dette har no vorte satt til laurdag 14. april frå klokka 10 til 14. I år er det 5. året saniteten arrangerer dette, og vil som før gå i samarbeid med Estlandsforeninga. Dette har tidlegare år vore veldig populært, med delegasjonar både frå Nordvik, Kvanne og Surnadal.

Les heile saka