Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Spelkveld som belønning

Spelkveld som belønning

Elinor Bolme Fredag 13. april 2012

Torsdag kveld var 1. til og med 4. klasse ved Todalen Oppvekstsenter samla på skulen for ein sosial spelkveld. Dette har vore eit mål som elevane har strekt seg etter på etterjulsvinteren. Kontaktlærar Britt Mossing hadde nemleg lova at dei skulle få det som belønning om dei klarte å opparbeide tilstrekkjeleg arbeidsro i timane. Og det klarte dei! Her var det fleire forskjellige spel som var teke med, forutan data- og mobilspel. 

Britt hadde ordna med pizza, smågodt og noko for tørre halsar utover kvelden. Medan dei foreldra som ønska det, kunne slappe av med ein kaffekopp og litt sosial prat på lærarværelset.

Angry Birds finns i uttallege versjonar. Her spelar Lars M Kvendset med den manuelle.

Nintendo DS er ikkje det aller mest sosiale spelet, men definitivt eit trøysamt eit..

Ingebrigt Bergli og Kristian Hauglann med eit slags legospel.

Og til slutt endte bølingen ute for å trekke litt frisk luft mens foreldra tok oppryddinga.

Publisert: 13. april 2012, 21:14