Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Fin konfirmasjonsdag

Fin konfirmasjonsdag

Jon Olav Ørsal Måndag 30. april 2012

Søndag var det konfirmasjon i Todalen, og det fine vårvêret med sol frå blå himmel var nok med og sette ein ekstra spiss på dagen for både konfirmantane og tilreisande gjestar. Det var i år 4 konfirmantar, 2 gutar og 2 jenter, og vikarprest Leif Endre Grutle gjorde seremonien til ei fin oppleving for konfirmantane.

Årets konfirmantar er Emma Saksen Ulvund, Lena Rovik Olsen, Steffen Aune og Stian Nordvik Bruset. Vi i Todalen.no vil nytte høvet til å gratulere konfirmantar og foreldre!

Nedafor har vi lagt ut eit galleri frå konfirmasjonsgudstenesta i Todalen kyrkje.   Alle foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 30. april 2012, 16:10