Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Eit sikkert vårtegn…

Eit sikkert vårtegn…

Jon Olav Ørsal Torsdag 26. april 2012

Det er eit sikkert vårtegn på Kvennset at Todalen brannlag spylar vekk strøsand, rusk og rask på plassen frammafor Talgø-fabrikken og Matkroken L.Hals. Dermed slår dei to flyer i ein smekk, og får gjort vårreint samtidig som dei får køyrd motorane på brannpumpene ein skikkeleg runde etter ein lang vinter uten å ha vore i bruk.

Todalen brannlag har ei lita øving kvar månad, der dei samlast for å halde vedlike og prøve utstyret slik at dei er sikre på at det virkar dersom det blir bruk for det, fortel Håvard Halset i Todalen brannlag.

Først publisert: 26. april 2012, 21:10 - Sist oppdatert: 5. januar 2013, 16:45