Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for januar, 2012

Vi fann 56 artiklar i dette arkivet.


Døgnåpen Hals Oil igjen

Døgnåpen Hals Oil igjen

Elinor Bolme Torsdag 19. januar 2012

Då kan vi endeleg kunngjera at den nye betalingsløysinga på ICA Nær Todalen er installert. Todalen har sia september vore utan muligheit til å betala for bensin og diesel med kort i kortautomaten ute, men no er det berre å fylle bensin og diesel utanom ordinær åpningstid att, for dei som har behov for det. -Sett […]

Les heile saka

Barn i løypa

Barn i løypa

Elinor Bolme Onsdag 18. januar 2012

Leiar i Ski- og friidrettsgruppa Jorid Haugen Ansnes melder om årets første barn i løypa i morgonkveld i lysløypa borti Ørsalbukta. Da er det berre å håpe at vermeldingane held mål og vi får litt kaldare temperatur som lova. Ta med deg ein venn og møt opp!

Les heile saka

Full klaff i si første turnering

Full klaff i si første turnering

Elinor Bolme Tysdag 17. januar 2012

Fotballsesongen er så smått kome i gang igjen på nyåret, men nokre har egentleg ikkje hatt nokon nevneverdig pause. I helga har Brage Hauglann Talgø frå Todalen og Ørjan Haugen frå Kvanne delteke på Slatlem cup i Kristiansund. Slatlem Cup er ein elitecup for dei beste G16 laga i heile fylket, pluss nokre frå trøndelag og arrangerast av CFK i Kristiansund. Hovudpremien var på heile 10000 kroner, og den fekk Ørjan og Brage vere med å vinne i si aller første turnering som sunndalsspelarar. Dei slo her motstandarar som Molde, Kristiansund og Verdal for å nemne nokre.

Les heile saka

Månadens bilete: Vinterlys i Todalen

Månadens bilete: Vinterlys i Todalen

Ole Petter Talgø Måndag 16. januar 2012

Då var det klart for å avsløra det siste månadens bilete for 2011. Vinnaren i desember vart Bjørn Halle med biletet «Vinterlys i Todalen». Dette betyr at vi snart setter i gang stemminga på Årets Bilete for 2011.

Les heile saka

Starta sist – kom først i mål!

Starta sist – kom først i mål!

Jon Olav Ørsal Sundag 15. januar 2012

På søndagens lagkonkurranse i randonee stilte 6 lag til start. Konkurransen var lagt opp som jaktstart, der lag 1 (Torstein Johannnesen og Håkon Johanessen) startet først. Lag 3 (Björn Gund og Jan Johansson) og lag 4 (Bård Smestad og Thomas Øyberg) fikk 10 minutter tillegg, før lag 5 (Robert Sørlie og Lars Erik Skjerven) og lag 6 (Olav Tronvoll og Rune Johansen) startet med 14 minutter tillegg. Siste lag ut, men likevel favoritter var lag 7 (Ola Berger og Ola Hovdenak) med 20 minutter i tillegg.

Les heile saka

Ola Hovdenak slo til igjen!

Ola Hovdenak slo til igjen!

Jon Olav Ørsal Laurdag 14. januar 2012

Ola Hovdenak frå Romsdal Randoneeklubb var førstemann i mål under laurdagens randonee i NorgesCup/Lifesystems cup på Kårvatn, og fekk tida 1.31.58 og 14 sekund framfor svensken André Johnson. På tredjeplass kom klubbkameraten Björn Gund, 3 minutt og 22 sekund etter. I dameklassen var det Oddrun Brakstad Orset frå Romdal randoeeklubb som gikk til topps med tida 2.14,28, framfor Caroline Tollstadius på 2.35,47. I Herre junior, var det Eirik Haukøy som trekte det lengste strået, med tida 1.42, 58 framfor Torstein K. Johannesen som kom inn på 1.51,07.

Les heile saka

Siste sjanse for å stemme i desember

Ole Petter Talgø Fredag 13. januar 2012

I kveld går fristen ut for å stemme på månadens bilete for desember. Gå hit for å avgi din stemme. Vi oppfordrar fortsatt til innsending av nye bilete vi kan bruke for dagens bilete, og vi ser har sett at bilete som blir lagt opp som ei gåte har vore populære. Sjølvsagt er det ikkje […]


Filmen om «Finnguten» – søndag 22. januar

Filmen om «Finnguten» – søndag 22. januar

Jon Olav Ørsal Fredag 13. januar 2012

Neste søndag (22.1. kl 15.00) er det klart for visning av filmen «Finnguten» i Todalen Ungdomshus. Det er Todalen Historielag som arrangerer ettermiddagskaffe denne søndags ettermiddagen, og som har fått Eistein Bæverfjord til å kome for å vise oss filmen. Finngutfilmen er resultatet av ein tur i Bæverdalsfjella saman med Tor Holten og Odd Trodal, i grenseland mot Hemne og Rindal, der det levde samar sist på 1800-talet. Diktet Finnguten av Jørgen Gravvold er sentralt i filmen, og det blir lufta fleire ubesvarte spørsmål i historia om den sjuke finnguten, som kom ned i Bæverdalen for meir enn hundre år sidan.

Les heile saka

Utviklingsprisen til Surnadal BU

Utviklingsprisen til Surnadal BU

Jon Olav Ørsal Torsdag 12. januar 2012

Torsdag arrangerte Surnadal Sparebank årets næringslivsdag med konferanse i Surnadal kulturhus. Der nytta banksjef Allan Troelsen høvet til å dele ut Surnadal Sparebanks utviklingspris på kr 25.000. Den gikk i år til Surnadal Bygdeungdomslag, for framifrå marknadsføring av heimbygda. Han framheva spesielt arbeidet med landsstemnet i 2006 og fylkesstemnet i 2011, der Surnadal Bygdeungdomslag stod som arrangør. Karin Åsbø og Britt M. Rørseth tok i mot prisen på vegne av Surnadal Bygdeungdomslag.

Les heile saka

Klart for skihelg på Kårvatn

Klart for skihelg på Kårvatn

Jon Olav Ørsal Torsdag 12. januar 2012

Denne helga står i skisportens tegn på Kårvatn, med Norgescup Randonee og Fjelltelemark individuelt laurdag og randonee for lag søndag. Det er allereie eit 50-tal påmeldte til laurdagens konkurransar fortel Kristen Bruset frå arrangøren Todalen Idrettslag Det er framleis muleg å melde seg på når rennkontoret opnar kl 08.30 laurdag, og fram til kl 09.00. Det er også trimklasse som startar i lag med proffane, så har du lyst til å prøve deg så er det berre stille opp. Meir info om rennet finn du ved å klikke her.

Les heile saka

Velkommen til nytt bibliotekår

Velkommen til nytt bibliotekår

Elinor Bolme Torsdag 12. januar 2012

Biblioteket (Todalen filial) startar i kveld opp att sesongen. No er det Karen Johanne Talgø som har teke over administreringa av tilbodet til todalingane, slik at det ikkje skal bli nedlagt. Den 19. januar blir det stengt, men elles blir det ope kvar torsdag framover frå kl. 18.00 – 20.00 seier ho i ein epost til redaksjonen. Sesongen følgjer skuleruta, så det er ikkje ope på skulefridagar.

Les heile saka

HalsOil – Kortautomat igjen frå torsdag 18. januar

HalsOil – Kortautomat igjen frå torsdag 18. januar

Jon Olav Ørsal Onsdag 11. januar 2012

Torsdag 18. januar blir det montert ny kortautomat på HalsOil drivstoffanlegg ve ICA Todalen. Da blir det igjen muleg å fylle verdens beste drivstoff og betale med kort – 24 timar i dagnet, fortel handelsmann Nordvik til Todalen.no. Etter ei forsenkeing på grunn av julehøgtida er det no klart at kortautomaten blir montert i neste veke, etter å ha vore ute av drift sia 1. september.

Les heile saka