Ola Hovdenak frå Romsdal Randoneeklubb var førstemann i mål under laurdagens randonee i NorgesCup/Lifesystems cup på Kårvatn, og fekk tida 1.31.58 og 14 sekund framfor svensken André Johnson. På tredjeplass kom klubbkameraten Björn Gund, 3 minutt og 22 sekund etter. I dameklassen var det Oddrun Brakstad Orset frå Romdal randoeeklubb som gikk til topps med tida 2.14,28, framfor Caroline Tollstadius på 2.35,47. I Herre junior, var det Eirik Haukøy som trekte det lengste strået, med tida 1.42, 58 framfor Torstein K. Johannesen som kom inn på 1.51,07.
På grunn av lite snø og vansklige forhold oppå fjellet, vart løypa korta ned en del og det var i standen køyrd 2 rundar. I herreklassen stod egentleg kampen mellom Hovdenak, Jonsson, Gund og Berger som alle gjorde første runde under 48 minutter. Jonsson hadde beste passeringstid på 46.31, men Ola hovdenak viste sin styrke og kom til slutt i mål 14 sekund før Jonsson. Tilsaman var det 22 deltakarar i laurdagens randonee. Her finn du resultatlista frå laurdagens randonee.
Laurdagens andre løp var fjelltelemark.
Her beviste Hallvor Drøpping frå Surnadal at «de gamle er eldst», og seiret med 4.30. men junioren Andreas Solstad Alme frå Eidsvåg pusta han i nakken og kom i mål på 4.47, og bruke 17 sekunder meir. På andreplass i seniorklassen kom Lars Kvernberg på 7,11 og på tredjeplass Ola kvendset frå Todalen med 7,26. I damer senior seiret Mathilde Olsen Ihlebrekke frå Hafell telemark med tida 5,52, med Ingrid Stensland frå same klubb på 12,30.
I dameklassen junior var det Guro Helde Kjøset som var best, med 5.15, og her kom Erika Kårvatn Moen på andreplass med tida 8.16. I juniorklassen for herrer vart som sagt Andreas Solstad Alme frå Eidsvåg best, med tida 4,47. På andreplass kom Sondre Skrebergene frå Nordre Land og Vidar Kjølseth frå SPK Rival på tredje med 4,52. I Open klasse seiret Tim Mak med tida 8,55. Tilsaman var det 22 deltakarar. Her finn du resultatlista frå laurdagens fjelltelemark.
Til tross for mildværet og tildels store nedbørmengder dei siste dagane var det fine forhold under rennet. Ola Hovdenak berømma arrangøren for jobben dei har gjort og sa at det er alltid bra arrangement her i Todalen. Han fortalte at det var flatt lys på toppen, men etter kvart som ein kom ned mot tregrensa vart dette bedre og føret var bra nedover Dalalia.
Etter løpet var det premieutdeling med gåvekort til løparane fra sponsorane Kårvatn Fjellutsyr, Surnadal Sparebank, Talgø Invest, Gjensidige Surnadal og Skialpinisme.no.
Mange frivillige i Todalen Idrettslag gjorde ein stor innsats under rennet. Spesielt vil vi gi ros til dem som hadde vaktposter oppe i lia og oppe på snaufjellet, for der var det tøffe værtilhøve og surt og kaldt. Men det var også mange som gjorde ein stor innsats på stadion på Bekkøya og ved Dalahaugen – kioskmannskap, sekretariat, tidtakarar, speaker og vaktmannskap.
Søndag er det på’n igjen – da startar programmet kl 10.00 med lagkonkurranse i randonee. Velkomne til forsettinga!
Bilder frå laurdagens Randonee. Foto: Jon Olav Ørsal/Driva
Bilder frå laurdagens Fjelltelemark. Foto: Jon Olav Ørsal/Driva og gode medhjelparar på fjellet: Ivar Bolme og Brit Grønmyr
Her kan du lese kva andre nettstader skriv om dei to renna på Kårvatn – Skialpinisme.no – Driva.no – Tidens Krav